top of page

Etnefjellet-Vilt og Vakkert

Naturopplevelsar - Ro - Harmoni

OM ETNEFJELLET

SKARSTØLEN PARKERING ligg som innfallsporten til Etne-fjellet. Haugalandet sitt FJELL-område med flotte turmuligheter både sommar som vinter.

For å komme til Skarstølen så svinger du av til høyre ved skilt "Litledalen" ca. 2 km frå Etne Sentrum mot Hardanger. Følger vegen opp til Litledalen ca. 8 km svinger til venstre etter at ein passerer ei bru i Litledalen og følger vegen opp til Hardeland ca. 3 km, tar så til høgre ved skilt "Skarstølen" kjøyrer 2,5 km til topps og følger skiltanvisngar for parkering av bilen. Husk parkeringsavgift på kr 50,- denne betales ved sjølvbetjingskasser som er merka "Parkeringsbillettar"

Parkeringsplassen ligg på ca. 500 moh og har som oftast bra med snø. Ca. 400-500 meter frå Parkeringsplassen ligg Rødkors-hytta med Varmestova. 

Etnefjellet er et eldorado for alle som elsker natur og friluft. Muligheter for å komme raskt inn i løypenettet til Haugesund Turistforening som strekker seg frå Seljestad til Olalia. Nærmaste Turistforeningshytta er Løkjelsvasshytta som ligger ved Løkjelsvatnet.

Om sommaren er det muligheter for å fiske i idylliske fjellvatn, hausten er muligheter for å gå på jakt etter småvilt, plukke multe og blåbær. Vinteren har flotte turmuligheter både lange turar i flatt terreng og toppturar med flott utsikt utover fjordane.

Har Haugalandets mest stabile snøforhold.

GOD TUR :-)

strype ein draum m txt.jpg
Logo-Deloitte.png
sport1-logo.png
Fatland logo original liggende CMYK.png
berge-sag-logo.png
Scenic Mountain Biking
IMG_2855.JPG

Nyheter

Her kommer nyheter om snøforhold, fiskemuligheter, jakt o.l.

 

 

 

STATNETT Sept - Okt 2023

Statnett og prosjekteringsarbeidet med 420kv Blåfalli - Gismarvik

VELDIG VIKTIG,   LES DENNE LINKEN :

https://www.aftenbladet.no/meninger/debatt/i/282nKl/hvorfor-rasere-naturen-naar-det-har-null-effekt-paa-verdens-klima

2023     

Nyheter:

Respekt og sannheit (den fulle)

Politikarar og byråkratar. Oss og dykk. Respekt og truverd. Tillit. Hugs det neste gong de føler at me ikkje trur på dykk. Bruk av hersketeknikkar som «det hastar!» er ein uting og forakt for oss som har valgt dykk, og gitt dykk vår tillit til å disponera vår natur. Det burde i staden vore dialog mellom oss, kor me i felleskap kunne ha funne dei beste løysingane. Dette gjeld denne gongen, Etne-, Vindafjord- og Tysvær-fjella.

Det blir ropa høgt om at det «hastar» å få opp monstermaster i fjella våre, for å få levert straum til Gismarvik industriområde. Det som verkeleg hastar er å iverksetta verning av naturen! Vurdering av sjøkabel som vil ivareta fjella våre, natur og dyreliv, samt folkehelse, har tydelegvis ikkje vore ein del av utgreiinga. Kvifor ikkje? På grunn av eit gamalt og utdatert skriv datert 2011 som seier at «monstermaster» skal vara første prioritet. I tillegg kjem påstanden om at sjøkabel vil fordyra prosjektet med ein milliard kroner. Etterprøvinga og verifiseringa av denne utrekninga har vist seg i ettertid å vara vanskelig å bevisa.

Dagens polarisering mellom politikarar og innbyggjarar, «oss og dykk», skadar naturen vår. Det burde vore «oss«.  La oss saman bygge bru og skape ei berekraftig, i ordets rette forstand, framtid for dei som kjem etter oss. For det er berekraft, eit grønt skifte, til grøn som hastar. Me disponerer naturen. Ingen eig den for evig tid. Den skal gi oss trygghet, mat og ly i all framtid. Naturen skal tåla vårt forbruk! Og me skal gi tilbake det me «låne», uten at naturen tar skade av det.

I dag blir begrepa grøn energi, bærekraft og grønt skifte, misbrukt. I kapitalismens navn.  Kapitalismen er umulig å metta, den vil alltid ha meir. Derfor bør me ta tilbake tida og fornuften, og gi kapitalismen ein slankekur. Lat oss tenke sirkulær økonomi med eit felles mål om at naturen skal leva lenge etter oss. Og når ein pratar om ordet «hastar», så er det einaste som hastar i dag er å stoppa vandaliseringa av naturen!

EU har fått lov av våre folkevalde politikarar og byråkratar til å forbruka norsk natur som sitt eige. Snakk om forakt for oss som har gitt vår stemme og tillit til dykk! De har selt landet vårt «på rot» til EU! Og det er utan at me er medlem av EU? Eg ynskjer at dei som står bak denna forbrytelsen blir tatt inn for gransking i domstolen.

Det er lett å bestemma over naturen som ein ikkje ser eller har noko forhold til. «Ein skal ikkje tåle så inderlig vel alt som ikkje rammar deg sjølv!» Monstermaster med 40 meter brei avskoga gate, 30-60 meter i høgde, i tillegg til høg støyforureining, trur eg aldri ville blitt sett opp i Nordmarka i Oslo kommune. Eg tvilar også på at det kjem nokon vindmøller rundt hytteområdene i Hemsedal, Trysil og Hafjell. Ei heller på dei 7 fjell i Bergen. Slik er me; den naturen me ikkje har forhold til er lett å «ofra».

La oss stå saman om å verna om all natur! Tida kor ein kunne skylde på etterpåklokskap og at ein «ikkje visste betre» er forbi. I dag veit me bedre, me veit konsekvensane – og me har betre alternativ. La oss gå for det beste alternativet, legg straumkablane i sjø!

 

Bente Nesheim Johansen

(lesarinnlegg i lokalavisa) 

STATNETT Juni 2022 - Juni 2023

Statnett og prosjekteringsarbeidet med 420kv Blåfalli - Gismarvik

Den 11. juni 22 var det synfaring som NVE arrangerte.   Det kom 5 personar frå NVE med direktør for energi og konsesjoner Inga Nordberg og direktør med ansvar for Blåfallig - Gismarvik Solveig Wilcors i spissen.    I tillegg stilte 5 personar frå Statnett med den nye direktøren for Blåfalli - Gismarvik Kari Eika.  i tillegg til fleire interesserte frå lokalmiljøet.   Turen gjekk ut til Strype for å visa det unika turområdet.  

Var litt uheldig med veret då det var skodda.   Inga Nordberg fungerte som ein møteledar.     Direktør Kari Eika holdt ei lita innleiing før publikum kunne få stilla spørsmål til Eika.     Det blei stilt mange spm både til Eika og til NVE-delegasjonen.   Og det er diverre ikkje til å komma forbi at blei ein merkverdig sekvens kor direktør Eika hadde store problem med å svara på dei fleste spørsmåla.  Ho fortalte bla.a at ho ikkje var kjend med starten i prosessen kor direktør Bente Rudberg var leiar og etter folkemøtet den 9.12.20 gjekk av som leiar ukjent av hvilken grunn.

Det blei også spurt kvifor NVE ikkje svarer på høyringsutalelsane kor ein går grundig inn i sakene og får tilbake eit "standard-svar" utan mål og meining. I eit gammalt dokument 8 frå 2011 som skal styre framføringa av straum på dei store riks-linjene står det at ein kan ta omsyn til verdifull natur.    Spørsmålet blei då om kvifor har ikkje NVE/Statnett nytta dette unntaket på nokon av prosjekta i Noreg,  har ein ikkje fokus på natur i NVE!    Inga Nordberg og Solvei Wilcors stod å kikka på kvarandre med tanke på å gi eit svar.   Til slutt svara Inga Nordberg at "Vi blir av og til utsatt for politiske prosessar"!!!! 

Til likhet med folkemøte den 9.12.22 kor Bente Rudberg ikkje kunne dokumentere KS av Konsekvensutgreiinga av prosjektet er det også video opptak av møte på Strype som dokumenterer det som her blir skrevet.

Den 5. august inviterte FSJT fleire stortingspolitikere til Etne på eit flott arrangement på fjedlet.   Dette var under den kjente Etne-marknaden som blir gjennomført kvart år i starten på august månad.   Og denne gangen var me veldig heldig med veret,  sol og fin sommartemperatur :-)    Politikerande blei tekne i mot på Røde Kors Tunet ved Hjørnås i Etnefjellet.   Det blei då arrangert ein flott tur ut til Strypeheiane kor lokale deltakerar ga orientering om fjellområdet,  traseen til monstermastene osv.   Alle smilte i det flotte veret.    Me fortalte også om prosessen til Statnett.   Manglande konsekvensutgreiing og manglande reelle samanlikningar mellom Linjer og Sjø-jordkabel.   I tillegg til rein kynisme i måten prosjektet blir presentert for pressa.   Statnett gjekk tidleg ut i pressa på Haugalandet og fortalte at Jord-og sjøkabel var minst 6 milliarder dyrare enn Monstermaster.   Etter fleire høyringsuttalelsar som meinte at det reknestykke  ikkje kunne rime med virkligheten,  så påla NVE at Statnett skulle sjå over reknestykke på nytt for å sjå om 6 mdr var reelt.  Statnett fekk frist ut aug. 21.  Dei var ikkje klar til den satte fristen og ba ekstra tid av NVE. (ein kan undra seg på om det overhodet var utrekningar som iflg Statnett viste minst 6 milliardar...) I nov. 21 fortalte Statnett at meirkostnaden var 3 mdr,  mao ei halvering!!!    Denne summen fekk ikkje samme omtale i pressa på Haugalandet!!! Kun ein liten notis.    Framleis meinte kompetente personar bla. i FSJT at 3 milliardar også er for høgt og ba høfleg om innsyn i reknestykka.      Då presterer Statnett med støtte frå NVE å bruke offentlegsloven for å nekta innsyn.     Her hadde Statnett mulighet til å få eit lite snev av tillit men dei fleste skjønnar at dei ikkje ville risikera å bli totalt avkledd i sine reknestykke.

Dette fortalte me til stortingspolitikerane at me ikkje hadde tillit til utrekningane til Statnett.      Og då fekk me følgande svært interessante svar om at Stortinget hadde også opplevd mangel på korrekte berekningar/utrekningar i fleire prosjekt frå Statnett.  Det blei bl.a. sagt "Det kan tyda på at kalkulatorane til Statnett fungerer heller dårlig!"     Difor var Statnett innkalle til Kontroll- og konstitusjonskomiteen for å få svare på dette.

I september 22 så informerar øverste leiar i Statnett Hilde Tonner at Statnett hadde eit rekordresultat på 13 mdr og skulle vera så "rause" at dei skulle tilbakeføre 2 mdr  som redusert nettleige til strømkundene i Norges land.

Etter dette så har me ikkje høyrt noko om møte i Kontroll- og konstitutasjonskomiten. Kva er det som skjer?

Og ein merkar seg i ettertid så viser både politikerar og pressa til berekningar som Statnett har utarbeida.    Kva er det som gjer til at ein plutsleg kan lita på berekningane til Statnett?

Etter ein flott tur til Strype var det traktering av dei besøkande med grillmat, kaffi og kaker i Røde Kors Tunet.

Etter klesskifte stilte både Storingspolitikere og fylkespolitkerer til debatt i Kino-salen på Skakke-senteret leia av Tv-mannen Knut Netland frå TV-Haugaland.   Det var ei flott debatt som også er teken opp på video.

STATNETT  Juni 2022   

Statnett og prosjekteringsarbeidet med 420kv Blåfalli - Gismarvik

Siden sist har me hatt ein energikonferanse på Skakke i Etne .  Der stilte Forum for Jord og Sjøkabel Teknikk (FJST),   ordførar i Haugesund  Arne Christian Mohn representant frå eigerane av Haugland Næringspark i Gismarvik,  Industriaksjonen i LO,  Motvind o.a.

Det var interessante foredrag og spørsmål/merknader frå salen.  Sia det var hovedfokus på Blåfalli-Gismarvik så blei det ekstra fokus på foredraga frå FJST og ordføraren i Haugesund.    Først må me sei at det var sporty og flott at ordføraren i Haugesund stilte på konferansen.   Når det gjeld innlegget/foredraget hans så virka det meir som han les ei brosjyre frå Beyonder/Næringsparken.   Når det gjeld Beyonder som har planar for batterifabrikk så antyda dei vel ein månad før konferansen at dei trong 2000 ansatte,  mao 2000 nye jobbar.   Dei fekk spm om er det realistisk med 2000 ansatte med norsk lønnsnivå,  er det ikkje meir naturleg med ein del robotisering for å vera istand til å konkurrera med utlandet.    Rett før energikonferansen hadde Beyonder innrømt at det ikkje var tatt høyde for robotisering på anslaget på 2000 nye jobbar og nedskalerte det med nokre hundre.    Ordførar Mohn fortalte vidare om planane til Næringsparken med forventa nyetableringar og løfta dei 2000 som var antyda tidlegare til nå 10000 nye jobbar.   Viss me forstod han rett så var det både nyetableringar og at eksisterande bedrifter som flytta inn på området til Næringsparken.   Antar også at Mohn ikkje rekna med at eksisterande arbeidsplasser er inkludert i anslaget på 10000.

Forum for jord og sjøkabel hadde eit særs interessant foredrag med fyldig informasjon om at teknologien for  jord og sjøkabel.   Flott presentert,  her hadde det vore mykje interessant og lærerikt for både politikerar på riksplan og dei meir lokale som er involvert i Næringsparken.

Det som er viktig er at ein må ha realistisk tilnærming til det å skape nye arbeidsplasser.    Eit profesjonelt apperat som handsamer søknadar om statstøtte og dermed luker ut dei "største" luftslotta.   Nå kjem det ein ny "pensjonsreform" dvs reduksjon av pensjonen for "vanlige folk"/  framtidige generasjonar,  som resultat av pengebruken på grønn omstilling.   T.d. elektrifisering av sokkel er ein tragedie,  bruke over 50 milliardar på "grønnvasking" av sokkelen kor det har motsatt effekt i Europa.

Me er positive til at Næringsparken må få straum men det må vera grønn framføring heile vegen og ikkje rasering av natur.  

Ser i bygdeavisa "Grannar" av 09. juni at Statnett-konserndirektør for nett,  Elisabeth Vardheim er oppteken av at det hastar med straum.   Det er med undring når me høyrer at øverste leiar i Statnett er oppteken av at det hastar med å få straumen fram til Gismarvik og kysten.    Den som har hovedansvaret for forsinkelsane er jo Statnett sjølv.      Når me ser på saksgangen så er det naturleg å spørja om kvifor det tar så lang tid! (om det står på evnen eller viljen til Statnett!!! )     Kan kjapt repetere det som er tidlegare omtalt;   Statnett gjekk ut med meirkostnad på minst 6 milliardar og fekk dette fyldig dekka i dei fleste aviser i området her.   Etter høyringane kor det blei stilt spm om meirkostnaden på 6 milliardar så fekk Stattnett pålegg om å sjå på jord- og sjøkabelkostnaden "på nytt" !?? Dei fekk frist til i aug. 21,  dei var ikkje i stand til å holde fristen og leverte det fleire månader forsinka.   Det interessante var at nå var meirkostnaden halvert dvs 3 milliardar.    Dette kom ikkje lika tydeleg ut i pressa som beløpet på 6 milliardar.   Framleis meinte Forum for jord og sjøkabelteknikk at 3 milliardar er også feil,  den er betydeleg mindre.    Når då FJST ber om innsyn så blir di nekta innsyn med vikarierande argumenter som overhodet ikkje står til truande!!!      Årsaken til forsinkelsane er Statnett sjølv som står for.   Det kan nærmast virke som det rett og slett er uvilje til å vurdera jord og sjøkabel.  Det er kynisk presentert med store oppslag med dei 6 miliardane i starten slik at sentrale bedrifter i Haugesundsområdet fortel at det blir veldig dyrt,  minst 6 milliardar, framleis i desse dagar!!!    Så langt har me kun fått ukvalifiserte estimater frå Statnett.   Ein "kvalifisert pris" får me kun ved likeverdig anbudsrunde som ved linjenettet  - noko som verken er gjort her eller ved andre utbyggingar i Sentralnettet (300 - 410 kv) 

STATNETT

Statnett og prosjekteringsarbeidet med 620kv Blåfalli - Gismarvik

Har vore inne på konskvensutgreiinga til Statnett tidlegare.    Det er eit ubestrideleg faktum at Statnett har laga ei konsekvensutgreiing utan å kommunisera med brukerane av fjellet i tillegg så har dei ikkje vore oppe på synfaring mao Statnett har produsert ei  skrivebordsutgreiing. 

Det som Statnett har teke seg tid til, etter at konsekvensutgreiinga er lagt fram, er å reise  opp til Strype for å bore opp stolpepunkter!!!       Viss dette er malen til Statnett skjønner ein kvifor det er mangel på tillitt til embetsverket i Statnett rundt om i Norges land.   

Når det gjeld sjølve prosjekteringsarbeidet så er det verdt å merka seg at Statnett gjekk tidleg  ut i media med at sjøkabel kosta over 6 milliarder meir enn luftlinje!    Etter at NVE ba Statnett sjå meir på sjøkabelalternativet og  subsidiert til å endre enkelte trasser for å skåne viktig natur. Statnett fekk frist til august 2021.   Statnett var ikkje i stand til å halda fristen og kom med ein rapport etter nokre månader etter fristen.   Noko underleg at dei trong meir tid sia dei gjekk ut i media med ein prislapp på minst 6 milliardar!?!    Meirkostnaden var nå på halvparten av det som Statnett serverte til media tidlegare,  altså frå 6 milliarder til nå 3 milliardar!!!

Vår lokale kompetansegruppe Teknikkgruppa ba om dokumentasjonen på berekningane som Statnett hadde utarbeida.   Så skjer det utrulega; Statnett nektar å utlevera berekningane!!!   Det er rimeleg påfallande og det blir nytta vikarierande argument.     Årsaken er tydeleg for almuen,  Statnett vil ikkje bli avkledd slik som på konsekvensutgreiinga!

I tillegg står det at det eksisterer Barmarksløype ut til Strype.    Barmarksløype er "tradisjonelt kjørespor/traktorveg i utmark kor motorisert ferdsel er tillatt for almennheten"!!   Dette er reinspikka løgn.  Jfr bilete som er tekne i "Barmarksøypa" til Statnett sjå ovanfor.

Innsatsen som Statnett legg i ei subsidiert løysing som for Strype er å  vurdera endring i trassen for å skåna urørt natur.  Og det er foreslått å legga linja i skråningen nedanfor Strype.   Her har ikkje Statnett gjort noko anna enn ein kjapp helikoptertur på nokre få minutt.  Og det er tydeleg at konklusjonen var teken før helikopterturen.    Grunngjevinga frå Statnett er at det er fare for mannskap under bygging og vedlikehald dermed er det ei dårlig løysing...!?!    Det er bygt linjer i bratt terreng i Norge i mange år.   Hovedårsaken er at det er noko større kostnad. Statnett bruker HMS for at det skal vera ei grunngjeving som er lettare å "selgja inn hjå politikerane.   Miljøvern er å ta vare på naturen som er vår mentale "ladestasjon".     Og å rasera naturen så lenge det finns alternativ er det motsatta av "grønt skifte".    

Ser idagens  Haugesunds AVis at  ordføraren i Tysvær vurderer arbeidet til Statnett som bra.   Det hadde vore interessant å vita  ka som bra når me tydeleg syner at Statnett ikkje er etterrettlige og sannferdige i arbeidet med prosjektet.

Leiar i Næringsparken fortel at dei har mista fleire hundre arbeidsplasser pga mangel på straum.    Ho blir spurt kva verksemd dette er og sjølvsagt er DETTE OGSÅ hemmeleg!!!!!!

NVE ba om at Statnett vurdere grundig sjøkabelløysinga og i tillegg ser på ei subsidiert løysing med traseen særleg i dei områda som er  viktig for naturmangfaldet som Strype.      Jobben med dette står diverre også til stryk.   Først ei halvering av kostnaden etter at media er blitt orientert om meirkostnad på over 6 milliardar,   og når Teknikkgruppa ber høfleg om innsyn på berekningane til den korrigerte meirkostnaden så blir ein nekta innsyn!!!      Når det gjeld den subsidierte løysinga med endring av trassen så er endringssøknaden eit hån mot det oppdraget dei fekk frå NVE.   Ei lita justering av vinkel på ei mast og to.     Heile høyringsprosessen har eit preg av at me blir holdt for narr, som t.d. at innsendte høyringsuttalelsar blir svart med eit standard svar sjølv om uttalelsane har ulike innspel.     Det er tydeleg Statnett har vist liten og ingen vilje til å koma i møte på å bevare naturmangfaldet og dette må NVE og Stortinget merka seg.

Til slutt er det viktig å tenka på følgande:   Hadde ikkje me i Etne protestert på Monstermastene og peikt på alternativ så hadde NVE og politikerane fått servert ein meirkostnad på minst 6 milliardar.    Når nye utrekningar hjå Statnett viser 3 milliardar så blir det plutsleg hemmeleg, når Teknikkgruppa ber om innsyn.   NVE må kreve at Statnett viser dokumentasjonen på dei 3 milliardane då det er stor tvil om den summen er korrekt.     Mangel på åpenhet, feilaktige  og villedande formuleringar frå saksførebuinga har gjort til at det er fatta avgjerder i Norges land som har skapt stor tillitskrise både på linjebygging og vindkraft.    Det er ikkje tilfeldig at Statnett blir rekna som "stat i staten"

Utklipp frå Nettavisa som er høgst relevant

  • «Statnett legger i for liten grad til rette for at allmennheten kan følge opp samfunnsøkonomi og kostnader i utbyggingsprosjektene»

  • Riksrevisjonen anbefalte Olje- og energidepartementet å «påse at Statnett viser større åpenhet og transparens rundt samfunnsøkonomiske vurderinger og kostnader for utbyggingsprosjektene.»

  • Statnett har over en årrekke levert mangelfulle og villedende analyser.

22.09.2023

September har hatt mykje varierande ver;  enkelte soldagar, mykje regn og regnbyger.   Dagen idag er flott og  med delvis overskya og utan noko nedbør.     Det kjem noko meir i morgon og sundagen ser jo rett og slett lovande ut iallefall fram til ca. kl. 17.   Dei fleste sauene er sanka og er komen til heimebøane.    Fjedlet har fått flotte haustfargar:)   Blåbærsesongen er på hell og fisket er framleis spanande.  Jakta starter neste helg på laurdag den 30.9.   Ytterlegare detaljer ligg under "Jakt og Fiske" 

God Helg :-)

 

08.09.2023

Fin melding for helga særleg for idag og imorgon laurdag med temperaturar opp mot 23-24 grader :)  Sundagen noko lågare temperatur men i hovedsak opphald med mulige lette regnbyger på ettermiddagen.    Framleis bra med blåbær.    Fisket er også bra.   Mange som har fått fisk i størrelsen 400-1000 g,  men ingen ny rekordfisk som er meldt.   Årets rypejakt er avklart og det ligg info på sida "Jakt og Fiske".

Det er også avslutning på Friluftsveka nå i helga.   

Velkomen til ei flott "sommarhelg" i det nydelega Etnefjedlet :)     God Helg.

18.08.2023

Bra melding for denna heljo også.    Fine dag idag,  sol og flott fram til ca. kl. 16.00 i morgon og så kjem ein nydeleg sundag med 21-22 grader og sol :)   M.a.o. ein smak av sommar.    Blåbærplukkerane har stått på og det er framleis bra med bær.   Det er tydeleg at fjellfolket går Gullruta nå, får mange spm om Gullruta og august er ein flott  månad å ta turen inn til Seljestad :-)

God Helg :)

11.08.2023

Etter mykje regn så kjem sola :)   Fin vermelding for helga.  Meldt veldig bra for idag og morgondagen.   Er meldt noko regn for sundagen,  men det kan fort snu :-)      Framleis bra fiske,  multesesong er på avslutning og det er høgsesong for blåbæra nå.    Ingen ny rekordfisk er meldt inn denne veka.

August er ein flott månad i fjedlet.    Velkomen til etnefjedlet og ha ei Goe Helg :)

04.08.2023

Ei kjempeflott veke med nydeleg ver og mykje besøk :)   Besøket har auka veldig mykje,  både besøkande her på fjedlet og på nettsia.   Fleire har spurt om "Gullløypa" som passerer i vårt område.  Bl.a. kva fiskekort som trengs frå start på Olalia og fram til Seljestad.   Har nå oppdatert info som ligg  under sida "Jakt og Fiske".     

Mange fornøyde med fulle multespann og nå er blåbæra også klar for plukking,  også i høgare terreng.  Fjellaurefiske er også ein vinnar.    Temperaturen i fjellvatna har naturleg nok gått opp og enkelte plasser ligg den på 18-20 C.   Slik at mange har nytta høve til eit forfriskande bad :)

Det er meldt ei helg med bra vermelding med sol og temperaturar rundt 20 grader.   Det passer veldig bra då det også ein marknad i Etne-bygda: Etnemarknaden.   Ein årviss tradisjon heilt frå 1980 tallet så er verdt å få med seg.    Ein kan då kombinera både eit besøk på marknaden i tillegg til ein tur i den flotte Fjellheimen.

Velkomen til Etne og Etnefjedlet :)

28.07.2023

Ny helg står for tur.   Flott vermelding for dagen idag og for i morgon laurdag,  sol og temperaturar som passerar 20 grader.   Sundagen er det meldt regn men bortimot vindstilt,  1-2 sm.   framleis god temperatur 15-17 grader.    M.a.o særs flott ver for fiske.    Det er meldt om mykje multa.   Fisket er også bra,  fine fangstar frå 300-700 g som passar perfekt på steikepanna eller i Abu-røykaren :)   Anleggsvegane er også perfekt for sykkelturar.

Velkomen til årets siste Juli-helg på Haugalandets mest spennande og varierte fjellområde :)

Ha ei God Helg!

21.07.2023

Nå får me håpa at regnværet kan ta ein pause.   Meldinga for helga ser faktisk lovande ut :)   Noko stigning i temperaturane i morgon laurdag og stort sett opphald,  kan bli nokre lette byger.   Men sundagen ser veldig lovande ut med nærare 20 grader og sol det meste av dagen.   Fisket går framleis veldig bra.   Nå har også bærsesongen starta.   Multa er klar for plukking og blåbæra er heilt i startfasen, det ser bra ut :-)

Velkomen til Etnefjedlet for å fiska, eller plukka bær eller rett og slett berre for å ta ein tur for å kobla av frå ein hektisk kvardag :)

God Helg :)

14.07.2023

I dag er det meldt flott ver med sol, og brukbart også i morgon med litt regn.  Noko meir regn på sundag.   Dette er perfekt fiskever :)    Har fått meddelt at det er teke fjellaure på 1,7 kg ny rekord for året !.     Denne blei teken på fluge,  den på 1,5 blei teken på sluk (jfr info 07.07.)

07.07.2023

Det er ei nydeleg vermelding for heljo :)    Fisket i fjedlet har nå vore veldig bra etter ein noko treg start på våren/forsommaren pga kaldt ver.  Nå er varmen komen og det er teke fisk på både fluge, mark og sluk.    Største som me har fått melding om er på 1,5 kg.   Fleire har fått kilosfiskar.  Det er jo flotte størrelsar og fisken er raud i kjøtet.     Eit måltid med fjellaure frå Etnefjedlet er rett og slett eit gourmet-måltid/"michelin" :-)    Det er sal av fiskekort på Sport 1 på Etne Senter og i sjølvbetjingskassen på Skarstølen.  

Velkomen til Hauglandets mest varierte fjell-landskap med eit utall av muligheter frå det lett tilgjengelege, nydelege og uberørte naturområde ;  Strypeheiane :-)     Til det meir spektakulera som Nepane,  Stegane,   toppturar Bordfjedlet - Vio - Lysenut,  fin dagstur til Svandalen og rett inn i "Gull-løypo" med retning Indre Etnefjedlo ( Blomstølen - Sandvass  - Vaulo med Langfoss :)   M.a.o  "Vilt og Vakkert"

Velkomen til Etnefjedlet og Ha ei God Helg :-)

30.06.2023

Beklager at det har vore dårleg med ordinære oppdateringar, har fått ein del tilbakemeldingar på det.    Det skuldas at me har brukt mykje tid og store ressurser på å kjempa for fjedlet.     Det har vore særs krevande då store deler av  prosjekteringsarbeidet til Statnett ikkje har vore etterrettleg og sannferdig.    Stikkord er bla.   Konsekvensutgreiing som faktisk er ei "Skrivebordsutgreiing",    Statnett hadde vore så "uheldig" å bruke begrepet "Barmarksløype" (veg som kan nyttast som traktorveg, framføring av maskiner) og at det allereie var barmarksløype ut til Strypeheia,   kalkuleringa/utrekninga av kostnad luftspenn kontra sjø- og jordkabel og måten som talmatarialet blir presentert på som "sjølvsagt" var feil (6 mdr og så 3 mdr og så 1 mdr.............)

Det er Statnett som blir nytta når det  skal rekna ut kraftbehovet rundt i Norges land.  Får håpe "kalkulatoren" snart vil fungera.

 

Nå har me hatt ei veke med eit flott arrangment som heiter "Camp Hjørnås"  som er årleg.  140-150 barn/ungdomar som har aktivitetar som:

lære førstehjelp - fiske - klatring/rappelering - padling med kajakk/kano - 

05.04.2023

Framleis bra med snø.  Du tar på deg skia på parkeringsplassen og kan gå til Hjørnås.   Må bera di øve Hjørnås dammen og kan ta skia på deg igjen ved Røde Kors Hytta.   Bra med snø ut til Bassura,  lite og noko bart rett før Bassur-brua.   Vidare frå Bassura og utøve,  heilt topp :-)

Det er også flotte turmuligheter når det gjeld Toppturar,   t.d. Bordfjedlet, Bjørndalsvio, Lysenut osv.

Viser til bilete under "Nyheter"      

Velkommen til Etnefjedlet og framleis God Påske :)

01.04.2023

Hadde som nemnt tur utøve i løypetraseen i går kveld .  Det ligg fleire bilder på sida.    Ein kan dela traseen i 3 deler.   1.ste del frå Skarstøl til Røde Korshytta, 2. del frå Røde Kors hytta til Bassura og 3.dje del frå Bassura og utover mot Heitahålo/Prestabotn/Fagerlinut.   

1.ste del.  Som ein ser så ligg det mykje snø frå bommen og opp mot trebrua.   Det er bart på brua og nokre meter ovanfor brua jfr bilde.  Ein har jo muligheten til å gå opp til Hjørnås på ski.  Det er bart på Hjørnåsdammen og litt opp i bakken mot vegen inn til røde kors hytta.   Dette er kanskje det raskaste då det blir kortast strekk med barmark.  

2.de del.   Mykje snø i traseen utøve.    Kun et lite felt rett før Bassurbrua kor det minkar på snøen.

3.de. del  Veldig mykje snø og flotte forhold.   Utfordringen er den vanlige med at det er avblæse på Bergstølen,  men det går fint å følgja til høgre for hyttene langs kanten av Krokavatnet.

Til orientering :   Avstand frå parkering til Røde Kors hytta ca. 400-500 m.    

Det blir jobba med løyper nå på formiddagen og prioritet blir frå  Røde Kors Hytte og utøve.   Det er kalde netter slik at vis respekt for skaren særleg ved utforkjøyringar det gjeld særleg på morgonen og i kveldinga.   På dagen smelter normalt sola topplaget og kan laga draumeforhold.

Det gir også gode forhold ute i terrenget.  Til slutt husk både solbriller og solkrem.

Velkomen til Etnefjedlet og ha ei God Påske :-)

31.03.2023

Får mange spørsmål om snøforholda i fjeldet og det er hyggeleg.   Kan meddela at forholda er nokolunde identisk med det som blei rapportert den 24.03.     Det ligg bra med snø i traseen.   Det vil bli ein del utbetringsarbeid i kveld og første del av dagen i morgon av løypetraseen då det har blitt kjørt med ein ATV med belter i traseen frå Skarstølen og ut til Bassura.  Rekner med å vera ferdig med fresing og oppretting i løpet av formiddagen i morgon.  Ein vil deretter kjøyra nye løyper frå Skarstølen og ut mot Heitahålo.    Spenningsmomentet er Bergstølen og ein håpar og trur at ein kan dra løypa ned mot og langs krokavatnet.   Vidare opp mot Heitahålo,  Fagerlinut og Lysenut er bra.   Kjem med ytterlegare info.

kl. 23.18    Har vore oppe å sjekka forholda,   som nevnt bra med snø.   Legger ut bilde i morgon tidleg.

24.03.2023

Det har vore tøffe tak med regn og vind.    Status er som  følger:  Du kan ta på deg skia ved bommen på parkeringsplassen, bra med snø i traseen. Første plass det er bart er på trebrua.   Ein kan så gå på ski opp bakken til Røde Kors.  Bart framføre hytta.   Og så kjem ein inn i hovedtraseen på sia av Røde Kors,  her er det mykje snø.    Ein kan nå gå på ski heile vegen innøve.   Bergstølen er avblæse.   Kjem med meir info når når me har fått studert betre innøve mot Heitahålo.

18.03.2023

Flott ver idag,  men i morgon kjem diverre regnet igjen.   Me hadde mykje flott nysnø,  men regn kombinert med vind har tært hardt på snøen.  Det gjeld særleg på der det var lite frå før som Hjørnåsdammen, Bergstølen, rett framføre Røde Kors Hytta.   Men hovedsålen held seg førebels bra. Slik at me får håpa at det ikkje blir for mykje mildvær kombinert med regn framøve.  Med dagen idag er jo nydeleg :)    

Ha ei God Helg :)

11.03.2023

Nå har me fått det topplaget (puddersnøen) som me håpa på.   Det har kommet 10-15 cm med puddersnø også kalt "styresnø" ;-)   Det skaper topp forhold då dette ligg som topplag oppo den harde komprimerte snøen.    Vegen er brøyta.     Det er meldt meir snø iløpet av dagen.   Vis respekt viss det bli mykje snø.   Tenker då på toppturar.  Mykje nysnø som ligg på komprimert snø kan skape ras

Det er meldt sol imjødlo snøbygene idag og imorgon er det meldt opphald fram til ca. kl. 16.00 og lite vind kun 2 sm.

Velkomen til Etnefjedlet og ha ei God Helg :-)

25.02.2023

Det er idag kjøyrt løyper ut til Heitahålo.   Draumeforhold jfr bilde på framsia :)

24.02.2023

Etter ein lengre periode med dårleg vær har me nå fått ein kjempestart på vinterferien.   Det er bra med snø tross været me har hatt.   I tillegg fekk me nysnø nå rett før omslaget i været.     Det ligg ca.  5-7 cm med nysnø på toppen av "gamle-snøen" ,   puddersnø :-)     Føreforholda nå er heilt topp.     Det ligg litt lite på Hjørnåsdammen og ved Bergsstølen,  ellers veldig bra.    Ein kan gå samanhengande frå parkeringsplassen og ut til Heitahålo.     Gå øve Trebrua og forbi Røde Kors Hytta så slepp ein gå øve Hjørnåsdammen.    Vegen er brøyta og strødd.   Velkomen til Etnefjedlet og husk Solkrem og Solbriller :-)

ps  fekk melding frå hyttefolk som er på fjedlet nå ikveld kl. 23.00: "blikkstilt, blåhimmel  og  -5 grader"    Draumeforhold :)

  

04.02.2023

Bra med snø og det blei idag kjørt løyper frå Skarstølen og til Heitahålo.    Det blei noko kald vind på ettermiddagen idag,  men imorgon ser det mykje betre ut.    Har også brøyta opp den store parkeringsplassen.

Ha ei fortsatt God Helg :-)

03.02.2023

Vegen er brøyta og blir strødd ved behov.     Det er bra med snø og det ser lovande ut for heljo :)    Den finaste dagen blir nok sundagen.  I morgon laurdag vil det vera bra fram mot ettermiddag ca. kl. 16.00 så kjem det ein del vind.    

Du er hjarteleg velkomen til Etnefjedlet for å prøva skia ;-)   God Helg :-)

27.01.2023

Etter  ei nydeleg helg så kom diverre regnet på mandag den 23.1.   Det forsvant ein del snø men ein kan framleis gå på ski i hovedtraseen ut mot Heitahålo.    Der det var lite snø i utgangspunktet på høydedrag og over dammane har fått mykje "juling"   Gjennomførte ein skitur ut til Heitahålo i går i det flotta veret  :)     Der kor det er lite snø er:  Hjørnåsdammen,  rett utanfor Røde kors hytta,  minker rett nedanfor Bassurbrua,  Bergstølen minkar det   men ok langs vatnet,  litt lite ved anleggsvegen kor ein starter på stigningen mot Heitahålo.   Men som nevnt i hovedsak gode forhold i det meste av traseen,  då det låg mykje snø kor botnlaget på 40-45 cm var hardpakka.  Det var kun ved Røde Kors hytte kor ein måtte ta av seg skia.

Vermeldinga for kommande helg ser ikkje heilt lovande ut,  men det er laurdagen som kan bli den beste dagen med opphald til ca. kl. 14.00.  Men det ser ut til at me får verskifte på tysdag/onsdag med snø i fjedlet.    Satser på flotte forhold den 1.ste helga i februar :-)

God Helg :)

20.01.2023

Endeleg får me ein viss stabilitet i veret, iallefall t.o.m sundag.     Nydeleg ver på fjedlet med sol, blå himmel og mykje snø :-)   Me har rundt 70 cm med snø nå kor rundt 35-50 cm  er hardpakka snø og topplaget har eit godt lag med nysnø.   I tillegg så har det sista snøfallet kommet utan for mykje vind,  slik at det ligg også snø på høydedraga/toppane.    Vegen er brøyta,  fint vinterføre.    Parkeringa har blitt utvida med fleire plasser når me nå såg den flotte vermeldinga.   

Det blir i løpet av ettermiddag/kveld kjørt ski-løyper frå Skarstølen og ut til Heitahålo dvs. den vanlege traseen.   Det blir jobba med å retta av snøskavlar og dermed få flotte løyper til ei fin helg :)

Velkomen til Etnefjedlet for å nyta ei nydeleg  helg :)

15.01.2023

Godt Nytt år !

Vegen er brøyta og me har fått mykje snø :)     Vinden har flytta mykje på snøen slik at det ligg mykje nedanfor toppane/høydedraga og noko avblæse på toppane.     Det ligg nok ca. 50-70 cm med snø i løypetraseen frå Bommen og innøve retning Skaret-Prestabotn.   Avblæse på Hjørnås-dammen,  Bergsstølen og ved Prestabotn.    Ellers i hovedsak veldig bra med snø.   Enkelte plasser med snøskavlar pga vinden,  men som nevnt mykje og flott nysnø.

23.12.2022

Vegen er oppbrøyta og godt strødd.   Det har vore mildvær heilt til topps sia sist.   Slik at det er skare i tillegg til reduserte snømengder.

Men nå er det jul :-)   Me har hatt veldig godt besøk i år  og ynskjer alle velkomen tilbake til Etnefjedlet !

God Jul,   slapp av og senk skuldrene :-)

18.12.2022

Vegen er oppbrøyta og strødd.   Det er nå ca. 40 cm med snø på Skarstølen.

17.12.2022

Vegen er oppbrøyta.     Det er ca. 35 cm med snø på Skarstølen.

09.09.2022

 Jaktopning blir den 24.09.22 :-)   sjå under "Jakt og Fiske"

04.06.2022

Endeleg kjem det eit løft i temperaturen.   Me fekk eit fall i temperaturen i siste del av mai og nå er det meldt øve 20 grader i helga.  Og det er jo laaaaaanghelg ;-)  mao Pinse !!!  Det er berre å glede seg.   Fisket har vore sånn nokolunde,  største på land som me har fått info om er på ca. 1kg.  ellers har det gått i 200 til 500 g.   Reknar med at det vil bli mogeleg å slå den iløpet av Pinsehelga med den flotte vermeldingo.    Det er god vannstand i dei fleste vatn bortsett frå Løkjelsvatnet.

Velkomen til etnefjedlet for å nyta den flotte naturen :)            Ha eiflott og avslappande Pinsehelg :-)

17.05.2022

Gratulera med dagen :)

Ha ein Fin 17. mai! 

ps.  Dei første fiskane er kommet på land ;-)

14.05.2022

Nå er vinteren over.    Nå starter fisket for fullt,  når også temperaturen går oppover og det blir antyda 15-20 plussgrader frå måndag av.  Isen slepper på dei fleste vatna.  Nå kan ein rekna alt under 700-750  moh som farbart til fots.   Vermeldingo for både helgo og dei første dagane i kommande veka ser særs lovande ut;  sol og stigande temperatur :)

Velkomen til etnefjedlet :-)

07.05.2022

Det  minkar på snøen og landskapet opnar seg meir og meir for kvar dag.    Stort sett bar veg inn til Grindheimstølen og snøfåna held brukbar stand frå Hjørnås og utøve men litt av og på med skia.   Veldig bra med snø når ein kjem øve 600-650 m.   Men det er også fleire så ynskje å gå til fots og under 600 m åpnar det seg.    Hjørnås  og Grindheimstølen er fin for turar utan ski og ein kan gå i kanten på vegen ut mot Bassura og i tillegg så åpnar det seg i området mot Strype.    Får ein del spm om is på vatna isamband med fiske.   Det er framleis litt tidleg,  men det er mogeleg  i Hjørnås,  i innos og utos på Grindheimsvatnet og Bassura, og det opnar seg i viker og langs land.   Uansett vis varsemd ved forsøk med fiske og for all del ikkje prøv å gå på isen!!!

Det er ei nydeleg vermelding for helga!    Velkomen til etnefjedlet for avkobling frå ein hektisk kvardag.   Det er skikkeleg velvære å sitja på ein snøfri topp og nyta ein god kaffikopp medan stillhet og ro sig inn i sinnet :-)

God Helg :)

30.04.2022

Brukbart med snø når ein kjem litt opp i høyden.   Samstundes byrjar det å bli muligt å gå til fots frå parkeringa og opp til Hjørnås og det er også ok å gå inn mot Grindheimsstølen.     Det ligg noko meir snø i trasseen frå Røde Kors og utøve.    Blir litt av og på med ski,  men overraskande mykje snø.    Når det gjeld turstien til Løkjelsvatnhytta så er det flott å gå til fots frå parkeringa og til toppen etter oppstigninga frå Grindheimsvatnet.   Frå toppen og innøve Nordfjedlet så ligg det framleis ein del snø jfr bilete under "Nyheter" det er også ein video som syner snøforholda frå Litlavio/Grindheimsvatnet og til Løkjelsvatnet.   Snøsmeltinga dempa seg noko når temperaturen gjekk ned att forrige helg.

Idag har ein lokal kar gått på ski frå toppen av turstien og inn til Svandalen med retur.   Han kunne meddela at det er mykje snø opp Skåro og heile vegen inn til Svandalen.

Ha ei fortsatt God Helg :)

26.04.2022

Vil med dette opplysa om at SKL skal drive vedlikehaldsarbeid ved Hjørnås-dammen og skal dermed brøyte opp vegen frå bommen og opp til Hjørnås nå idag.   Den viktigaste traseèn er frå Røde Kors Hytta og ut til Heitahålo som vil holde stand iallefall kommande helg.  

Kjem med meir info når helga nærmar seg.    Ha ei Flott veka og nyt Våren :-)

23.04.2022

Våren er i anmarsj.    Det minkar på snøen, men ein kan framleis ta på seg skia ved bommen.   Trebrua er nå bar,  bra med snø i bakkjen mot Røde Kors,  minker rett framføre Røde kors, når ein då kjem i hovedtraseen frå røde kors så er det bra med snø.   Hadde tur til Heitahålo i går og kunne gå på ski heile vegen til målet.   Men det minkar på brua ved Bassura og den er nok smelta vekk i løpet av dagen idag.    Når det gjeld inn til Grindheimstølen så er stort sett all snø frå dammen og inn til stølen vekke,  kun fenner på enkelte plasser.    Det er ei "stripe" med snø frå Hjørnås og opp til dammen,  men denne vil nok smelta vekk  iløpet av helga.  Nå er det flotte turmuligheter når det gjeld topp-turar,  som t.d. Bordfjedlet, Vio, Lysenut, osv.   Men framøve så må ein nok rekna med å bera skia særleg inn mot Grindheimstølen medan traseen frå Røde Kors og inn mot Heitahålo vill holde stand ei stund til.   Men det går også mot ei flott tid med vår/sommar med turmuligheter til fots og fiske :)

God Helg :-)

20.04.2022

Framleis bra med snø.   Det minkar enkelte stader som øve bruene,   vegen frå Grindheimsdammen og inn til stølen.   Og "kvileplassene"/"rasteplassene" blir litt større for kvar dag med sol og fin temperatur :)     Det ligg snø frå parkeringsplassen og heile traseen ut til Heitahålo slik at det er bra med skiføre framleis.    Husk klister eller felleski.     Det ligg nye bilete under "Nyheter" frå ein tur frå Skarstølen til Vio i går ettermiddag.   Har du behov for ein flott naturopplevelse og søke ro så er etnefjedlet et flott alternativ :-)

17.04.2022

Endå ein flott dag, sol og blikkstilt   Framleis bra med snø.  Snø frå parkeringsplassen og utøve til Heitahålo.    Bra med snø i terrenget.   Snøen er naturlegvis våt  men komprimert.   Det åpner seg flotte "rasteplasser" i terrenget;  høydar i terrenget som er fri for snø.   

Velkomen til ein flott naturopplevelse for avkobling frå kvardagen :-)

Ps det er også flotte akebakker ved Røde Kors Hytta, bord og benker, 400-500 meter frå parkeringsplassen :)

15.04.2022

Veldig mykje folk i fjedlet både i går og særleg i dag.   Det blei laga flotte løyper i den vanlege traseen ut til heitahålo av skigruppa i dag tidleg.     Må difor beklaga sterkt at det var personar med eit stort hundespann som kjørte i dei nypreppa løypene og øydela dei flotte løypene. Fekk fleire irriterte og sinte meldingar frå besøkande.   Veldig trist at det noko slikt kan skje og svært skuffa øve vurderingsevna til dei som dreiv hundespannet.   Håpar at  noko slikt ikkje  gjentar seg.

Det er meldt nydeleg ver resten av påsken:)    Sol, blå himmel og lite og ingen vind.    Det ser ut til å bli litt kuldegrader på natta og god varme på dagen.  Mao  skare på formiddag og våt snø på ettermiddag.   Ha ein Fortsatt Goe Påske og velkomen til etnefjedlet :-)

13.04.2022 kl. 21.10

Har nå tatt ei synfaring.    Snøen holder "stand",  framleis mykje snø.   Det har minka litt og det er særleg på stadar kor stein/fjell stakk over snøflata før regnet kom.     Men som dåken ser på bileta så dekkar snøen det mesta av terrenget slik at det er utruleg gode snøforhold til å vera så seint på året :)   Det er snø på alle bruene.  Det blir i morgon tidleg ei "trimming" (brøyting)  av øvre del av vegen og på deler av parkeringsplassen då ligg ein del slaps som må skrapes vekk.  Vermeldingo er jo ein draum kor me i morgon får meir og meir sol utøve dagen og lite og ingen vind.   Og på fredag endå betre :-)    Vis respekt for rasfaren i bratt terreng.  Ser at yr melder stor rasfare for morgondagen og noko redusert frå fredag og utøve.   Velkommen til draumeforhold i etnefjedlet,   husk solkrem og smurning/feller ;-)

13.04.2022

Idag kom nedbøren som var meldt.    Den første del av nedbøren idag natt/morgon var iform av snø men har gått over til regn.    Det er ikkje store nedbørsmengder.    Me vil komme med oppdatering i kveldinga kordan det slår ut på snøen. 

11.04.2022

Kan informera om skiforholda etter skitur i går.    Det har vore plussgrader tidlegare i veka slik at den første nysnøen som kom har komprimert og pakka seg. Ein del av snøen ligg nede i dalsøkk pga vinden    Den siste snøen som kom i helga var turr og det var 5-10 cm med turr snø i topplaget slik at det var fin styresnø :-)

Ha ein Flott dag :-)

10.04.2022

Vegen og parkeringsplassen  er oppbrøyta nå sundags morgon.    Det er mykje vind og snø og det lager seg snøfenner på enkelte partier.    Det blir brøyta på nytt nå i ettermiddag/kveld.   Nedbøren skal avta nå i ettermiddag og det ser ut til at me får et kjempever,   opphald og sol.  I tillegg så avtar vinden og me får topp forhold dei neste dagane.    Som nevnt så har det snøa dei siste dagane,  slik at nå ser det ut til at me kan lova snø heile påsken :)    Iflg vermeldingo så blir det litt regn på onsdag for så å få opphald og dagstemperaturar som er 2 siffra på skjærtorsdag og utøve i påsken.    Det er så store mengder med snø  at regnet som kjem på onsdag vil ikkje skape problem med "snø heile påsken" ;-)      Me vil oppdatere gjennom påsken og så krysser me fingrar  og tær for at langtidsvarselet frå yr innfrir!

Velkomen til etnefjedlet og God Påske :-)

07.04.2022

Vegen er nå oppbrøytt.    Det blei mykje snø,  men snøen smelter fort på asfalten slik at det blir nok bar asfalt til i morgon.   Men nysnøen som har lagt seg på "gamlesnøen" vil iallefall holde denne helga :)

06.04.2022

Me har fått 20-25 cm med nysnø oppo den "gamle snøen" slik at det lovar særs godt med tanke på kommane palmehelg :)       Kjem med meir info når helga nærmar seg.

01.04.2022

Snøen held "stand",   flotte forhold.    Skare på første del av dagen og så løsner sola på noko av topplaget på andre del av dagen.   Det er kjørt løyper i den vanlege traseen;  frå Skarstølen og ut til Heitahålo/Skaret/Prestabotn.   Løypene blei kjørt i går ettermiddag,  det blei veldig bra jfr bilete på åpningssida :)     Det er meldt flott ver i morgon også.     Det er meldt snø på sundag og måndag for så å få fin-veret tilbake på tysdag og utøve.   Det lover bra for både palmehelga og påskeveka :)

Velkomen til etnefjedlet og ha ei God Helg :-)

27.03.2022

Som nevnt framleis mykje snø.   Alle bruene har snø.    50-70 cm med komprimert snø frå Bommen ved Skarstølen.  Vermeldinga framøve ser særs lovande ut.    Innfrir vermeldinga så bør det vera gode muligheter for snø til påske. (det er faktisk meldt snø siste dagen i langtidsvarselet dvs den 4/4 i tillegg til kjøligt ver med kuldegrader om nettene)    Det er uansett flotte forhold denna veko og neste.   Toppturar er flotte turalternativ nå,  men husk skifedler eller klister då det er skare.

Ha ein Fin Sundag og velkommen til etnefjedlet :-)     jfr bilete og video under Nyheter. 

26.03.2022

Framleis mykje snø.  Ein kan gå på ski frå parkeringsplassen og det er  mykje snø innøve både i løypetraseen og i terrenget :-)    Kjem med meir info seinare.

18.03.2022 kl. 9.45

Som det viser på bilde så har hoveddelen av meteren med komprimert snø "overlevd" mildveret dei siste dagane.    Vegen har bar asfalt.   Me tar ein tur innøve fjedlet nå iløpet av dei første timane og kjem med meir utfyllande info om tilhøva lengre inne.

 

kl. 13.15

Me har nå lagt ut nye bilde  i området frå Skarstølen og ut til Heitahålo.    Det har kommet litt nysnø i natt.  Det starter frå lite og ingenting ved parkeringsplassen og så betrar det seg når ein kjem innøve,  kor det er ca 5 cm på det mesta (Heitahålo)   Mao styresnø og han som er oppe bekreftar at det er rett og slett ein draum å gå på ski innøve;  sol frå blå himmel,  vindstilt og mykje snø med styresnø på toppen :)    Han som har teke bilda er på veg til Lysenut.

Velkomen til etnefjedlet :-)

03.03.2022

Ein nydeleg dag på fjedlet idag.   Vegen er i hovedsak bar asfalt.     Det ser ut til at skaren strekker seg noko lengre enn nevnt i går.   Dette skuldes  turre snøen som var i topplaget har blese vekk.    Slik at det er skare og husk å ta omsyn til dette med tanke på smurning og det kan vera fordel med feller i dei brattaste motbakkane.    Det blir gjort forsøk med å kjøyra løyper.   Men første del vil vera særdeles krevande då det er veldig hardpakka og problem med å komma gjennom med løypeleggaren.       Kan vera håp når ein jobber mot opp mot Skaret.     Får håpe på god temperatur slik at ein smelter topplaget og får styresnø :)     Uansett så blir det ein fin dag på fjedlet også i morgon,  det er meldt sol ;-)

02.03.2022

Veg og parkeringsplass er oppbrøyta.   Det er strødd i dei deler av vegbanen kor det er litt is.    Mykje snø,  vel meteren ved parkeringsplassen og 1,20 til 1,40 når du kjem innanfor Bassura.    Morgondagen kan bli årets flottaste dag.    Det er meldt sol frå blå himmel.   Vind på 4 til 7-8 sm 

Det er berre å ta med seg gode kler,  solkrem og ei goe nista ;-)     Føret er skarete særleg i starten.   Noko turrare i topplaget når ein kjem lenger inn i høyden.   Velkomen til etnefjedlet :-)

28.02.2022

Det har vore ein krevande dag med mykje vind.    Dette auker risikoen for snøras.    Unngå toppturar dei første dagane.  Det vil koma noko meir snø natt til imorgon.   Veret blir betydeleg betre frå morgondagen.    Vinden roar av og det blir sol og flotte forhold i løypene med nysnø på toppen av den 1-1,5 meteren med gamal snø,  topplaget er noko skavlete og delvis skare.   Håper då på 10-15 cm med nysnø slik at me kan nyta  forholda  resten av vinterferieveka :)         Ha ei Fortsatt flott veka :)

26.02.2022

Det er kjøyrt løyper i den vanlege traseen ut til Skaret og rundt Knutsvatnet

24.02.2022

Det er ca. 1 meter med snø på parkeringsplassen og 1,20-1,25 når du kjem innforbi Bassura.     Vegen og parkeringsplassen er oppbrøyta.

19.02.2022

Flotte forhold på fjedlet idag :)    Det er nå kjørt løyper i den ordinære traseen.   Blå swix og veldig godt skiføre.     Det ligg som nevnt mykje snø slik at turar i terrenget er også heilt topp.   Veg og parkeringsplass er brøyta.   Velkomen til puddersnø og flotte naturopplevelsar :)

18.02.2022

Nå fekk me både kjøligare ver og nysnø :)    Det ligg 15-20 cm med nysnø oppo det komprimerta underlaget på 60-70 cm.   Flotte forhold, men ver på vakt for rasfaren!    Viser til vedlagte bilete frå turen opp til Bjørndalsvio.    Dette lovar bra.     Når ein kjem innforbi Grindheimstølen så er det rundt  meteren med snø.     Vegen og parkeringsplassen  er brøyta.   Ha ei God Helg :)

13.02.2022

Det har vore  både snø og regn.    Men det ser særs lovande ut,  på Skarstølen er det nå mellom 60 og 70 cm med komprimert snø.   Vegen er oppbrøyta.    Litt kjøligare nå og ei god snøbyge så får me draumeforhold :)

11.02.2022

Endeleg fekk me mykje snø,  veldig mykje snø :)    Inne ved Knutsvatnet ( mellom Skaret og kanten ner mot Prestabotn)  er det nærmare meteren med snø.   Det er kjørt flotte løyper i den vanlege traseen frå Skarstølen og inn til Skaret.   Blå swix og sol idag :-)

Vegen og parkeringsplassen er brøyta.   Velkommen til ein draumedag i Etnefjedlet ;-)

04.02.2022

Det ligg 25-30 cm med snø på Skarstølen,  slik at det er mogeleg å gå på ski.   Vegen er brøyta. 

God Helg :)

08.01.2022

Vegen er brøyta og har fint vinterføre.     Det er 20-25 cm med snø ved parkeringsplassen.  Det er kjøyrt snøscooter i hovedtraseen.  Komprimert og fint å gå på ski. Idag var det blå swix som var smurningo.  Det er meldt bruktbart ver i morgon.   Ha ei fortsatt God Helg :)

31.12.21

Godt Nytt Turår :-)

Det litla som var av snø er smelta vekk.   Mildværet har gjort at all ferdsel på is er uforsvarleg!  Ellers flotte turmuligheter til fots,  berre ver forsiktig på nedstigning i stiane då det kan ligga litt is enkelte plasser :)

25.12.21

Fortsatt God Jul til alle :)   Flott tur til Strype idag for å sjekka forholda.   Vegen har eit tynt snølag og det er godt vinterføre.   Isen på vatna byrjar å bli bra,   ca. 15-17 cm med stålis og vil styrka seg ytterlegare kommande natt.   Det ligg ein tynt lag med turr nysnø.  Draumever med sol, blikkstilt kaldt og eit flott avbrekk frå all julamaten.   Dagen i morgon har samme vermelding som idag,  men veret vidare er noko meir usikkert med vind og noko høgare temperatur.   Vatna på Strype er ikkje regulerte og difor Ok,  øvrige vatn mot Grindheimstølen, Løkjelsvatnet, Krokavanet,  Ilsvatnet, Hjørnås er regulerte og ein må IKKJE gå ut på desse!!!

Ha ei Fin Romjul :)

27.11.21

Det har snøa og det ligg ca. 15-20 cm med snø på parkeringsplassen. (sjå bilete under "Nyheter")   Snøen er turr og luftig og det blir for lite til å gå på ski då ein også manglar frose underlag.    Det ligg ca. 20-30 cm ved Basura.     Vegen er oppbrøyta,   godt vinterføre.

God Helg :-)

24.09.21

Jaktstart i fjedlet.

Imorgon starter årets jakt på småvilt :)  Det er meldt fint ver, slik at det teiknar seg til å bli ei flott helg.   Det er observert ein del rypa på enkelte plasser og mykje hare.   Fekk melding frå 2 jegerar frå Sauda som meinte det var lite rypa på komunegrensa dvs Svandalen og området rundt. og dei trudde det var det store antal ørner som kunne vera årsaken.   Ver obs på at det også iår er baglimit på 5 småvilt pr jaktkort.  Øvrige reglar ligg under "Jakt og Fiske".    

Det er også ei fin helg for dei som vil ha seg ein trimtur utan børsa.    Flotte haustfargar og det er brukbart med tyttebær,  fjellauren er også på betet.

Vil til slutt ynskja både dei med børsa og dei utan ei God Helg :-)

03.09.21

August månad var også veldig bra.    Draumesommar :)    Fisket har også vore betre då det er mørkare kveld/natt og nåko redusert temperatur.  Auren er meir i bevegelse og beitar nærare land enn sommarmånaden juli.    Eg har ikkje fått melding om rekordfisk fisk for sesongen,   men eg har fått melding om ein som var akkurat lik i størrelse 1, 4 kg og fleire flotte fangstar i størrelsen 0,5 kg til 1 kg.   

Besøket har vore veldig bra,  det er tydeleg at fjedlet er eit "friområde" i desse korona-tider :)   Har fått mange spørsmål om jakta.   Har vore i kontakt med formann i Midtre Etnefjell og i Sørfjellet/Rus og begge antyder den 25.09. som opningsdato på årets rypejakt.    Endeleg avgjerd blir tatt i styremøte den 13.09.    Me vil komma med full info om jakta rett etter møte.  

Det ser ut til å vera forsinkelsar på klargjering av kamera ved Hjørnås.

Ha ei Flott helg som atter ein gong ser særs lovande ut,  lovande meldingar :-)

28.07.21

Feriemånaden går mot slutten og ein må berre gled seg øve det flotta været me har hatt:-)    Det har vore mykje besøk og me har truffet på folk som går "Gullløypa" ,  lokale toppturar/fjellvatn  Nepane, Strype, Bordfjedlet, Løkjelsvatnet, Hustveitsåta,  inn mot Svandalen osv.     Det er også mange syklistar som bruker anleggsvegane som er ypperlege til formålet.   Fiskerar har det også vore mykje av.   Dei største fangstane me har fått opplyst om er på 1,4 kg og ein på 1,1kg.  Er det nokon som har fått større fisk så er me interessert i info om det:)  Nå er august månad lika rundt hjørna og er normalt ein god fiskemånad.   Det har vore multeplukkerar og nå er dei første blåbæra også modne.   Fleire har etterlyst kamera på Hjørnås.   Det har diverre vore ute av funksjon.    Røde Kors har nå funnet årsaken til driftsstansen.    Dei forventer å få det opp i nær framtid. 

Vil til slutt ynskja alle ein fortsatt God Sommar og Flott Augustmånad :)

23.06.21

Midtsommar og nydeleg sommarver :)    Det går mot slutten på det flotte arrangementet "Camp Hjørnås" som starta på måndag,  kor barn og unge frå distriktet får oppleva alt det flotte som naturen har å by på.   Aktivitetar som fiske,  padling,  trening på førstehjelp,  klatring og mykje anna som gjer til at barn og ungdom lærer seg å bli glad i naturen og ser muligheten til å finna roen og avkoblinga som dette gjer på både kropp og sjel.   Komiteen har gjort ein framifrå god jobb,  sjølv om Campen er noko redusert då overnatting er teken ut som følge av Koronaen.   Ser fram til neste år og kor ein  håpar at Koronaen er under kontroll og at overnatting kan gjennomførast.   Ein stor takk til Komiteen,  medhjelperar og ikkje minst alle barn og unge,    Velkomen tilbake i 2022 :-)   

Vil samstundes ynskja alle Ein God Midtsommaraften og fortsatt God Sommar :-)

28.05.21

Brått kom sommaren :)   Ei vermelding som dokumenterar at sommeren er komen.     Nå starter insektslivet og dermed endå betre høve til å få fisk.     Toppturar til fots er nå ingen problem.   Heila fjedlet har åpna seg og er klar til å ta imot fjellvandrarar.    Velkomen til Etnefjedlet og Nyt Helga :-)

21.05.21

Me går inn i ei ny langhelg.   Temperaturen har gått noko ned, men det er meldt flott ver både idag og i morgon og bra på sundag også kun lette byger på ettermiddagen.   Kanskje nåko meir regn på måndag men det kan fort endra seg ;-)      Fleire vatn er åpne for fiske og det er teke fin aura på land,  dei største på 5 hekto.

God  Pinsehelg :-)

13.05.21

Våren er her.   Med høgare temperatur så er isen på fjellvatna på vikande front.    Fleire av vatna har opna seg slik at nå er det mogeleg å fiska etter den flotte fjellauren me har i etnefjellet :)    Det er lagt ut fiskekort for sjølvbetjening på parkeringsplassen (på informasjonstavla).   Det blir også solgt fiskekort på Sport1 i Etne Senter.   Prisar står på "Jakt og Fiske" sidene.     Fleire har teke  langhelg og det er meldt bra ver i starten på helga.  Nå er det store deler av terrenget ope for turar til fots,   snø kun øve 700-800 m.     Våren er nåko av det finaste ein kan oppleva i fjedlet,  brytninga mellom vinter og sommar.     Velkommen til fjells og ha ei God Langhelg :-)

2020

Nyheter:

31.12.2020

Godt Nytt Turår :-)

30.12.2020

Det er nå ca. 10-15 cm med snø på parkeringsplassen,  15-20 cm innanfor Røde kors hytta og ved Bassura er det nå 20-25 cm med snø.   Snøen er komprimert særleg frå Røde Kors og utøve,  slik at det er flott skiføre i anleggsvegen utøve mot Bergstølen.   Deler av terrenget går også greit,  men her treng me noko meir snø,  særleg der kor det ligg stein.    Vegen er brøyta og strødd :) 

 

09.12.2020

Velkomen til ny Nettside for etnefjellet,  den gamle gjekk ut då den bygde på "flash-teknologien"    Endeleg kan me lansere denne og takker for alle henvendelsar kor sida er blitt etterlyst/savna :)   Me vil som tidlegare prøva å gi fersk info om snø, løypekjøring, fiskekort, jakt, turforslag  osv.    Me har hatt ein veldig flott auke i bruken av etnefjellet  dette året sjølv med ein dårleg vinter då snøen ikkje kom før heilt i slutten av vinteren.   Fleire og fleire i frå eit stadig større distrikt har merka seg dette flotte og spennande fjellet.    Etnefjellet har eit variert og spennande fjellområde for unge og gamle, trente og utrente :)   Kor ein har "Villt og Vakkert" som bl.a. Nepane representerar til bl.a. Strype som representerer det idylliske og lett tilgjengelige.

Det som har hovedfokus akkurat nå er planane til Statnett som vil legga den nye kraftlinja gjennom etnefjella.  Det vil bli nytta master på 30-35 meter og dette vil vera svært skadeleg for dette viktige landskaps- og friluftsområdet for Haugalandet.     Både Nepane (Etne sitt svar på Trolltunga) og Strypeheiane blir berørte.    Utsikten frå Nepane vil nå få desse monstermastene i syninga når den stig opp frå Litledalen og følger fjellryggen med retning Strype,  jfr bilete og dronevidoen frå Strype   Strype vil få mastene over heile fjellryggen langs heia,  tett opp mot ein av dei beste fiskeplassane for fjellaure på Haugalandet.      I tillegg har Statnett planar om å laga veg frå Rødekors hytte og ut til Strype i samband med bygging av mastene.  Dei skriv at det skal nyttast terrengkjøyrande kjøretøy og gjera minst mulig inngrep.    Men ein kan jo tenka sjølv kva dette vil bli i virkeligheta når det skal fraktast store konstruksjonar ut til punktene kor monstermastene skal byggast. 

Det er tragisk at ein ikkje har konsekvensutreda desse planane skikkeleg.  Me som driv parkeringsplass i Etnefjellet, salg fiskekort-jaktkort har ikkje høyrt noko frå Statnett.   Har fått opplysningar om at Statnett har leigd inn eit konsulentselskap for å konsekvensutreda følgene for etnefjellet.    Konklusjonen var bl.a. at området etnefjellet har middel til liten verdi som landskap og friluftsområde!!!    Dei 2 mest besøkte og brukte fjellområda på Haugalandet er Skarstølen/Etnefjellet og Olalia. Den mest besøkte Turistforeningshytta til Haugesund Turistforening er hytta som ligg ved Løkjelsvatnet  i tillegg til hytta på Olalia. I tillegg har me fått vita at konklusjonen i konsekvensutredningen er teken utan å ta turen til fjellområde for synfaring,   og som nevnt me som driverar av parkeringsplass, salg av fiskekort, salg av jaktkort siden 1992 ikkje er kontakta, heller ikkje brukerar av fjellet.   Viss dette er standarden for konsekvendsutredning hjå Statnett er det grunn til å bli skremd.  Og når me då opplever kordan konsekvensutredninga blir gjennomført her lokalt i etnefjellet med ein konklusjon som er stikk motsatt av dei faktiske forhold så er det naturleg å stilla spørsmål kordan tidlegare utredningar er gjennomført.

Etnefjellet har følgande:

- er høgfjell med eit stort utval av turalternativ både toppturar,  turar i flatt terreng

- ligg midt i gull-ruta til turistforeningen som går frå Olalia til Seljestad.  Landskjent turalternativ. Ligg inne på DNT sine sider.

- hytta ti Haugesund Turistforeningen på Løkjelsvatnet er den av hyttene som har størst besøk i tillegg til den på Olalia

- det området med flest og beste muligheter for fiske etter fjell-auren på Haugalandet, største fjellauren teken på stang over 5 kg

- etnefjellet inkl. Rus  har også dei beste områda for jakt etter småvilt på Haugalandet

- fjellområdet er nytta til årlege store arrangment for barn og ungdom slik som Camp Hjørnås med deltakartal på 120-170 stk. frå Hauglandet

-  Etne Jeger og fiskeforening har årlege arrangment som fiskedagar med barn og unge kor det blir gitt opplæring i fiske og anna friluftsliv  med instruktørar 

- Røde Kors har vakt og beredskapshytte 400 m frå Parkeringsplassen ved Hjørnås (og ca. 600 meter frå Strype)

-  har Hauglandets mest stabile snøforhold pga høgde over havet.

Difor er Etnefjellet det mest besøkte fjellområdet på Hauglandet i tillegg til Olalia

Slik at konsekvensutredninga til Statnett med konklusjonen  "Området har middels til liten verdi som landskaps- og friluftsområdet" står til stryk.

contact
IMG_2842.JPG

KONTAKT OSS

Adresse: Etnefjellet v/Skarstølen

Tlf: 99 15 99 66 / 4550 5786

post@etnefjellet.no

kontonummer: 3626.46.47392 Ny

Vippsnr. 539353

Vippsnr. 617700

Prisar:

Døgnparkering kr 50,- (pr. tur)

Årskort kr 500,-

Takk for meldingen din!

bottom of page