IMG_3512.JPG

NYHETER

Her kommer nyheter om snøforhold, fiskemuligheter, jakt o.l.​

 
 

 

2022     

Nyheter:

STATNETT  Juni 2022   

Statnett og prosjekteringsarbeidet med 420kv Blåfalli - Gismarvik

Siden sist har me hatt ein energikonferanse på Skakke i Etne .  Der stilte Forum for Jord og Sjøkabel Teknikk (FJST),   ordførar i Haugesund  Arne Christian Mohn representant frå eigerane av Haugland Næringspark i Gismarvik,  Industriaksjonen i LO,  Motvind o.a.

Det var interessante foredrag og spørsmål/merknader frå salen.  Sia det var hovedfokus på Blåfalli-Gismarvik så blei det ekstra fokus på foredraga frå FJST og ordføraren i Haugesund.    Først må me sei at det var sporty og flott at ordføraren i Haugesund stilte på konferansen.   Når det gjeld innlegget/foredraget hans så virka det meir som han les ei brosjyre frå Beyonder/Næringsparken.   Når det gjeld Beyonder som har planar for batterifabrikk så antyda dei vel ein månad før konferansen at dei trong 2000 ansatte,  mao 2000 nye jobbar.   Dei fekk spm om er det realistisk med 2000 ansatte med norsk lønnsnivå,  er det ikkje meir naturleg med ein del robotisering for å vera istand til å konkurrera med utlandet.    Rett før energikonferansen hadde Beyonder innrømt at det ikkje var tatt høyde for robotisering på anslaget på 2000 nye jobbar og nedskalerte det med nokre hundre.    Ordførar Mohn fortalte vidare om planane til Næringsparken med forventa nyetableringar og løfta dei 2000 som var antyda tidlegare til nå 10000 nye jobbar.   Viss me forstod han rett så var det både nyetableringar og at eksisterande bedrifter som flytta inn på området til Næringsparken.   Antar også at Mohn ikkje rekna med at eksisterande arbeidsplasser er inkludert i anslaget på 10000.

Forum for jord og sjøkabel hadde eit særs interessant foredrag med fyldig informasjon om at teknologien for  jord og sjøkabel.   Flott presentert,  her hadde det vore mykje interessant og lærerikt for både politikerar på riksplan og dei meir lokale som er involvert i Næringsparken.

Det som er viktig er at ein må ha realistisk tilnærming til det å skape nye arbeidsplasser.    Eit profesjonelt apperat som handsamer søknadar om statstøtte og dermed luker ut dei "største" luftslotta.   Nå kjem det ein ny "pensjonsreform" dvs reduksjon av pensjonen for "vanlige folk"/  framtidige generasjonar,  som resultat av pengebruken på grønn omstilling.   T.d. elektrifisering av sokkel er ein tragedie,  bruke over 50 milliardar på "grønnvasking" av sokkelen kor det har motsatt effekt i Europa.

Me er positive til at Næringsparken må få straum men det må vera grønn framføring heile vegen og ikkje rasering av natur.  

Ser i bygdeavisa "Grannar" av 09. juni at Statnett-konserndirektør for nett,  Elisabeth Vardheim er oppteken av at det hastar med straum.   Det er med undring når me høyrer at øverste leiar i Statnett er oppteken av at det hastar med å få straumen fram til Gismarvik og kysten.    Den som har hovedansvaret for forsinkelsane er jo Statnett sjølv.      Når me ser på saksgangen så er det naturleg å spørja om kvifor det tar så lang tid! (om det står på evnen eller viljen til Statnett!!! )     Kan kjapt repetere det som er tidlegare omtalt;   Statnett gjekk ut med meirkostnad på minst 6 milliardar og fekk dette fyldig dekka i dei fleste aviser i området her.   Etter høyringane kor det blei stilt spm om meirkostnaden på 6 milliardar så fekk Stattnett pålegg om å sjå på jord- og sjøkabelkostnaden "på nytt" !?? Dei fekk frist til i aug. 21,  dei var ikkje i stand til å holde fristen og leverte det fleire månader forsinka.   Det interessante var at nå var meirkostnaden halvert dvs 3 milliardar.    Dette kom ikkje lika tydeleg ut i pressa som beløpet på 6 milliardar.   Framleis meinte Forum for jord og sjøkabelteknikk at 3 milliardar er også feil,  den er betydeleg mindre.    Når då FJST ber om innsyn så blir di nekta innsyn med vikarierande argumenter som overhodet ikkje står til truande!!!      Årsaken til forsinkelsane er Statnett sjølv som står for.   Det kan nærmast virke som det rett og slett er uvilje til å vurdera jord og sjøkabel.  Det er kynisk presentert med store oppslag med dei 6 miliardane i starten slik at sentrale bedrifter i Haugesundsområdet fortel at det blir veldig dyrt,  minst 6 milliardar, framleis i desse dagar!!!    Så langt har me kun fått ukvalifiserte estimater frå Statnett.   Ein "kvalifisert pris" får me kun ved likeverdig anbudsrunde som ved linjenettet  - noko som verken er gjort her eller ved andre utbyggingar i Sentralnettet (300 - 410 kv) 

STATNETT

Statnett og prosjekteringsarbeidet med 420kv Blåfalli - Gismarvik

Har vore inne på konskvensutgreiinga til Statnett tidlegare.    Det er eit ubestrideleg faktum at Statnett har laga ei konsekvensutgreiing utan å kommunisera med brukerane av fjellet i tillegg så har dei ikkje vore oppe på synfaring mao Statnett har produsert ei  skrivebordsutgreiing. 

Det som Statnett har teke seg tid til, etter at konsekvensutgreiinga er lagt fram, er å reise  opp til Strype for å bore opp stolpepunkter!!!       Viss dette er malen til Statnett skjønner ein kvifor det er mangel på tillitt til embetsverket i Statnett rundt om i Norges land.   

Når det gjeld sjølve prosjekteringsarbeidet så er det verdt å merka seg at Statnett gjekk tidleg  ut i media med at sjøkabel kosta over 6 milliarder meir enn luftlinje!    Etter at NVE ba Statnett sjå meir på sjøkabelalternativet og  subsidiert til å endre enkelte trasser for å skåne viktig natur. Statnett fekk frist til august 2021.   Statnett var ikkje i stand til å halda fristen og kom med ein rapport etter nokre månader etter fristen.   Noko underleg at dei trong meir tid sia dei gjekk ut i media med ein prislapp på minst 6 milliardar!?!    Meirkostnaden var nå på halvparten av det som Statnett serverte til media tidlegare,  altså frå 6 milliarder til nå 3 milliardar!!!

Vår lokale kompetansegruppe Teknikkgruppa ba om dokumentasjonen på berekningane som Statnett hadde utarbeida.   Så skjer det utrulega; Statnett nektar å utlevera berekningane!!!   Det er rimeleg påfallande og det blir nytta vikarierande argument.     Årsaken er tydeleg for almuen,  Statnett vil ikkje bli avkledd slik som på konsekvensutgreiinga!

I tillegg står det at det eksisterer Barmarksløype ut til Strype.    Barmarksløype er "tradisjonelt kjørespor/traktorveg i utmark kor motorisert ferdsel er tillatt for almennheten"!!   Dette er reinspikka løgn.  Jfr bilete som er tekne i "Barmarksøypa" til Statnett sjå ovanfor.

Innsatsen som Statnett legg i ei subsidiert løysing som for Strype er å  vurdera endring i trassen for å skåna urørt natur.  Og det er foreslått å legga linja i skråningen nedanfor Strype.   Her har ikkje Statnett gjort noko anna enn ein kjapp helikoptertur på nokre få minutt.  Og det er tydeleg at konklusjonen var teken før helikopterturen.    Grunngjevingar frå Statnett er at det er fare for mannskap under bygging og vedlikehald dermed er det ei dårlig løysing...!?!    Det er bygt linjer i bratt terreng i Norge i mange år.   Hovedårsaken er at det er noko større kostnad. Statnett bruker HMS for at det skal vera ei grunngjeving som er lettare å "selgja inn hjå politikerane.   Miljøvern er å ta vare på naturen som er vår mentale "ladestasjon".     Og å rasera naturen så lenge det finns alternativ er det motsatta av "grønt skifte".    

Ser idagens  Haugesunds AVis at  ordføraren i Tysvær vurderer arbeidet til Statnett som bra.   Det hadde vore interessant å vita  ka som bra når me tydeleg syner at Statnett ikkje er etterrettlige og sannferdige i arbeidet med prosjektet.

Leiar i Næringsparken fortel at dei har mista fleire hundre arbeidsplasser pga mangel på straum.    Ho blir spurt kva verksemd dette er og sjølvsagt er DETTE OGSÅ hemmeleg!!!!!!

NVE ba om at Statnett vurdere grundig sjøkabelløysinga og i tillegg ser på ei subsidiert løysing med traseen særleg i dei områda som er  viktig for naturmangfaldet som Strype.      Jobben med dette står diverre også til stryk.   Først ei halvering av kostnaden etter at media er blitt orientert om meirkostnad på over 6 milliardar,   og når Teknikkgruppa ber høfleg om innsyn på berekningane til den korrigerte meirkostnaden så blir ein nekta innsyn!!!      Når det gjeld den subsidierte løysinga med endring av trassen så er endringssøknaden eit hån mot det oppdraget dei fekk frå NVE.   Ei lita justering av vinkel på ei mast og to.     Heile høyringsprosessen har eit preg av at me blir holdt for narr, som t.d. at innsendte høyringsuttalelsar blir svart med eit standard svar sjølv om uttalelsane har ulike innspel..     Det er tydelegg Statnett har vist liten og ingen vilje til å koma i møte på å bevare naturmangfaldet og dette må NVE og Stortinget merka seg.

Til slutt er det viktig å tenka på følgande:   Hadde ikkje me i Etne protestert på Monstermastene og peikt på alternativ så hadde NVE og politikerane fått servert ein meirkostnad på minst 6 milliardar.    Når nye utrekningar hjå Statnett viser 3 milliardar så blir det plutsleg hemmeleg, når Teknikkgruppa ber om innsyn.   NVE må kreve at Statnett viser dokumentasjonen på dei 3 milliardane då det er stor tvil om den summen er korrekt.  Mangel på åpenhet, feilaktige  og villedande formuleringar frå saksførebuinga har gjort til at det er fatta avgjerder i Norges land som har skapt stor tillitskrise både på linjebygging og vindkraft.    Det er ikkje tilfeldig at Statnett blir rekna som "stat i staten"

Utklipp frå Nettavisa som er høgst relevant

  • «Statnett legger i for liten grad til rette for at allmennheten kan følge opp samfunnsøkonomi og kostnader i utbyggingsprosjektene»

  • Riksrevisjonen anbefalte Olje- og energidepartementet å «påse at Statnett viser større åpenhet og transparens rundt samfunnsøkonomiske vurderinger og kostnader for utbyggingsprosjektene.»

  • Statnett har over en årrekke levert mangelfulle og villedende analyser.

 

 

 

04.06.2022

Endeleg kjem det eit løft i temperaturen.   Me fekk eit fall i temperaturen i siste del av mai og nå er det meldt øve 20 grader i helga.  Og det er jo laaaaaanghelg ;-)  mao Pinse !!!  Det er berre å glede seg.   Fisket har vore sånn nokolunde,  største på land som me har fått info om er på ca. 1kg.  ellers har det gått i 200 til 500 g.   Reknar med at det vil bli mogeleg å slå den iløpet av Pinsehelga med den flotte vermeldingo.    Det er god vannstand i dei fleste vatn bortsett frå Løkjelsvatnet.

Velkomen til etnefjedlet for å nyta den flotte naturen :)            Ha eiflott og avslappande Pinsehelg :-)

17.05.2022

Gratulera med dagen :)

Ha ein Fin 17. mai! 

ps.  Dei første fiskane er kommet på land ;-)

 

 

14.05.2022

Nå er vinteren over.    Nå starter fisket for fullt,  når også temperaturen går oppover og det blir antyda 15-20 plussgrader frå måndag av.  Isen slepper på dei fleste vatna.    Nå kan ein rekna alt under 700-750  moh som farbart til fots.   Vermeldingo for både helgo og dei første dagane i kommande veka ser særs lovande ut;  sol og stigande temperatur :)

Velkomen til etnefjedlet :-) 

07.05.2022

Det  minkar på snøen og landskapet opnar seg meir og meir for kvar dag.    Stort sett bar veg inn til Grindheimstølen og snøfåna held brukbar stand frå Hjørnås og utøve men litt av og på med skia.   Veldig bra med snø når ein kjem øve 600-650 m.   Men det er også fleire så ynskje å gå til fots og under 600 m åpnar det seg.    Hjørnås og Grindheimstølen er fin for turar utan ski og ein kan gå i kanten på vegen ut mot Bassura og i tillegg så åpnar det seg i området mot Strype.    Får ein del spm om is på vatna isamband med fiske.   Det er framleis litt tidleg,  men det er mogeleg  i Hjørnås,  i innos og utos på Grindheimsvatnet og Bassura, og det opnar seg i viker og langs land.   Uansett vis varsemd ved forsøk med fiske og for all del ikkje prøv å gå på isen!!!

Det er ei nydeleg vermelding for helga!    Velkomen til etnefjedlet for avkobling frå ein hektisk kvardag.   Det er skikkeleg velvære å sitja på ein snøfri topp og nyta ein god kaffikopp medan stillhet og ro sig inn i sinnet :-)

God Helg :)

30.04.2022

Brukbart med snø når ein kjem litt opp i høyden.   Samstundes byrjar det å bli muligt å gå til fots frå parkeringa og opp til Hjørnås og det er også ok å gå inn mot Grindheimsstølen.     Det ligg noko meir snø i trasseen frå Røde Kors og utøve.    Blir litt av og på med ski,  men overraskande mykje snø.    Når det gjeld turstien til Løkjelsvatnhytta så er det flott å gå til fots frå parkeringa og til toppen etter oppstigninga frå Grindheimsvatnet.   Frå toppen og innøve Nordfjedlet så ligg det framleis ein del snø jfr bilete under "Nyheter" det er også ein video som syner snøforholda frå Litlavio/Grindheimsvatnet og til Løkjelsvatnet.   Snøsmeltinga dempa seg noko når temperaturen gjekk ned att forrige helg.

Idag har ein lokal kar gått på ski frå toppen av turstien og inn til Svandalen med retur.   Han kunne meddela at det er mykje snø opp Skåro og heile vegen inn til Svandalen.

Ha ei fortsatt God Helg :)

26.04.2022

Vil med dette opplysa om at SKL skal drive vedlikehaldsarbeid ved Hjørnås-dammen og skal dermed brøyte opp vegen frå bommen og opp til Hjørnås nå idag.   Den viktigaste traseèn er frå Røde Kors Hytta og ut til Heitahålo som vil holde stand iallefall kommande helg.  

Kjem med meir info når helga nærmar seg.    Ha ei Flott veka og nyt Våren :-)

 

23.04.2022

Våren er i anmarsj.    Det minkar på snøen, men ein kan framleis ta på seg skia ved bommen.   Trebrua er nå bar,  bra med snø i bakkjen mot Røde Kors,  minker rett framføre Røde kors, når ein då kjem i hovedtraseen frå røde kors så er det bra med snø.   Hadde tur til Heitahålo i går og kunne gå på ski heile vegen til målet.   Men det minkar på brua ved Bassura og den er nok smelta vekk i løpet av dagen idag.    Når det gjeld inn til Grindheimstølen så er stort sett all snø frå dammen og inn til stølen vekke,  kun fenner på enkelte plasser.    Det er ei "stripe" med snø frå Hjørnås og opp til dammen,  men denne vil nok smelta vekk  iløpet av helga.  Nå er det flotte turmuligheter når det gjeld topp-turar,  som t.d. Bordfjedlet, Vio, Lysenut, osv.   Men framøve så må ein nok rekna med å bera skia særleg inn mot Grindheimstølen medan traseen frå Røde Kors og inn mot Heitahålo vill holde stand ei stund til.   Men det går også mot ei flott tid med vår/sommar med turmuligheter til fots og fiske :)

God Helg :-)

20.04.2022

Framleis bra med snø.   Det minkar enkelte stader som øve bruene,   vegen frå Grindheimsdammen og inn til stølen.   Og "kvileplassene"/"rasteplassene" blir litt større for kvar dag med sol og fin temperatur :)     Det ligg snø frå parkeringsplassen og heile traseen ut til Heitahålo slik at det er bra med skiføre framleis.    Husk klister eller felleski.     Det ligg nye bilete under "Nyheter" frå ein tur frå Skarstølen til Vio i går ettermiddag.   Har du behov for ein flott naturopplevelse og søke ro så er etnefjedlet et flott alternativ :-)

Ha ein Fin Vårdag :)

17.04.2022

Endå ein flott dag, sol og blikkstilt   Framleis bra med snø.  Snø frå parkeringsplassen og utøve til Heitahålo.    Bra med snø i terrenget.   Snøen er naturlegvis våt  men komprimert.   Det åpner seg flotte "rasteplasser" i terrenget;  høydar i terrenget som er fri for snø.   

Velkomen til ein flott naturopplevelse for avkobling frå kvardagen :-)

 

Ps det er også flotte akebakker ved Røde Kors Hytta, bord og benker, 400-500 meter frå parkeringsplassen :)

15.04.2022

Veldig mykje folk i fjedlet både i går og særleg i dag.   Det blei laga flotte løyper i den vanlege traseen ut til heitahålo av skigruppa i dag tidleg.     Må difor beklaga sterkt at det var personar med eit stort hundespann som kjørte i dei nypreppa løypene og øydela dei flotte løypene. Fekk fleire irriterte og sinte meldingar frå besøkande.   Veldig trist at det noko slikt kan skje og svært skuffa øve vurderingsevna til dei som dreiv hundespannet.   Håpar at  noko slikt ikkje  gjentar seg.

Det er meldt nydeleg ver resten av påsken:)    Sol, blå himmel og lite og ingen vind.    Det ser ut til å bli litt kuldegrader på natta og god varme på dagen.  Mao  skare på formiddag og våt snø på ettermiddag.   Ha ein Fortsatt Goe Påske og velkomen til etnefjedlet :-)

13.04.2022 kl. 21.10

Har nå tatt ei synfaring.    Snøen holder "stand",  framleis mykje snø.   Det har minka litt og det er særleg på stadar kor stein/fjell stakk over snøflata før regnet kom.     Men som dåken ser på bileta så dekkar snøen det mesta av terrenget slik at det er utruleg gode snøforhold til å vera så seint på året :)   Det er snø på alle bruene.  Det blir i morgon tidleg ei "trimming" (brøyting)  av øvre del av vegen og på deler av parkeringsplassen då ligg ein del slaps som må skrapes vekk.  Vermeldingo er jo ein draum kor me i morgon får meir og meir sol utøve dagen og lite og ingen vind.   Og på fredag endå betre :-)    Vis respekt for rasfaren i bratt terreng.  Ser at yr melder stor rasfare for morgondagen og noko redusert frå fredag og utøve.   Velkommen til draumeforhold i etnefjedlet,   husk solkrem og smurning/feller ;-)

13.04.2022

Idag kom nedbøren som var meldt.    Den første del av nedbøren idag natt/morgon var iform av snø men har gått over til regn.    Det er ikkje store nedbørsmengder.    Me vil komme med oppdatering i kveldinga kordan det slår ut på snøen.  

11.04.2022

Kan informera om skiforholda etter skitur i går.    Det har vore plussgrader tidlegare i veka slik at den første nysnøen som kom har komprimert og pakka seg. Ein del av snøen ligg nede i dalsøkk pga vinden    Den siste snøen som kom i helga var turr og det var 5-10 cm med turr snø i topplaget slik at det var fin styresnø :-)

Ha ein Flott dag :-)

10.04.2022

Vegen og parkeringsplassen  er oppbrøyta nå sundags morgon.    Det er mykje vind og snø og det lager seg snøfenner på enkelte partier.    Det blir brøyta på nytt nå i ettermiddag/kveld.   Nedbøren skal avta nå i ettermiddag og det ser ut til at me får et kjempever,   opphald og sol.  I tillegg så avtar vinden og me får topp forhold dei neste dagane.    Som nevnt så har det snøa dei siste dagane,  slik at nå ser det ut til at me kan lova snø heile påsken :)    Iflg vermeldingo så blir det litt regn på onsdag for så å få opphald og dagstemperaturar som er 2 siffra på skjærtorsdag og utøve i påsken.    Det er så store mengder med snø  at regnet som kjem på onsdag vil ikkje skape problem med "snø heile påsken" ;-)      Me vil oppdatere gjennom påsken og så krysser me fingrar  og tær for at langtidsvarselet frå yr innfrir!

Velkomen til etnefjedlet og God Påske :-)

07.04.2022

Vegen er nå oppbrøytt.    Det blei mykje snø,  men snøen smelter fort på asfalten slik at det blir nok bar asfalt til i morgon.   Men nysnøen som har lagt seg på "gamlesnøen" vil iallefall holde denne helga :)

06.04.2022

Me har fått 20-25 cm med nysnø oppo den "gamle snøen" slik at det lovar særs godt med tanke på kommane palmehelg :)       Kjem med meir info når helga nærmar seg.

01.04.2022

Snøen held "stand",   flotte forhold.    Skare på første del av dagen og så løsner sola på noko av topplaget på andre del av dagen.   Det er kjørt løyper i den vanlege traseen;  frå Skarstølen og ut til Heitahålo/Skaret/Prestabotn.   Løypene blei kjørt i går ettermiddag,  det blei veldig bra jfr bilete på åpningssida :)     Det er meldt flott ver i morgon også.     Det er meldt snø på sundag og måndag for så å få fin-veret tilbake på tysdag og utøve.   Det lover bra for både palmehelga og påskeveka :)

Velkomen til etnefjedlet og ha ei God Helg :-)

27.03.2022

Som nevnt framleis mykje snø.   Alle bruene har snø.    50-70 cm med komprimert snø frå Bommen ved Skarstølen.  Vermeldinga framøve ser særs lovande ut.    Innfrir vermeldinga så bør det vera gode muligheter for snø til påske. (det er faktisk meldt snø siste dagen i langtidsvarselet dvs den 4/4 i tillegg til kjøligt ver med kuldegrader om nettene)    Det er uansett flotte forhold denna veko og neste.   Toppturar er flotte turalternativ nå,  men husk skifedler eller klister då det er skare.

Ha ein Fin Sundag og velkommen til etnefjedlet :-)     jfr bilete og video under Nyheter. 

26.03.2022

Framleis mykje snø.  Ein kan gå på ski frå parkeringsplassen og det er  mykje snø innøve både i løypetraseen og i terrenget :-)    Kjem med meir info seinare.

18.03.2022 kl. 9.45

Som det viser på bilde så har hoveddelen av meteren med komprimert snø "overlevd" mildveret dei siste dagane.    Vegen har bar asfalt.   Me tar ein tur innøve fjedlet nå iløpet av dei første timane og kjem med meir utfyllande info om tilhøva lengre inne.

 

kl. 13.15

Me har nå lagt ut nye bilde  i området frå Skarstølen og ut til Heitahålo.    Det har kommet litt nysnø i natt.  Det starter frå lite og ingenting ved parkeringsplassen og så betrar det seg når ein kjem innøve,  kor det er ca 5 cm på det mesta (Heitahålo)   Mao styresnø og han som er oppe bekreftar at det er rett og slett ein draum å gå på ski innøve;  sol frå blå himmel,  vindstilt og mykje snø med styresnø på toppen :)    Han som har teke bilda er på veg til Lysenut.

Velkomen til etnefjedlet :-)

 

03.03.2022

Ein nydeleg dag på fjedlet idag.   Vegen er i hovedsak bar asfalt.     Det ser ut til at skaren strekker seg noko lengre enn nevnt i går.   Dette skuldes  turre snøen som var i topplaget har blese vekk.    Slik at det er skare og husk å ta omsyn til dette med tanke på smurning og det kan vera fordel med feller i dei brattaste motbakkane.    Det blir gjort forsøk med å kjøyra løyper.   Men første del vil vera særdeles krevande då det er veldig hardpakka og problem med å komma gjennom med løypeleggaren.       Kan vera håp når ein jobber mot opp mot Skaret.     Får håpe på god temperatur slik at ein smelter topplaget og får styresnø :)     Uansett så blir det ein fin dag på fjedlet også i morgon,  det er meldt sol ;-)

02.03.2022

Veg og parkeringsplass er oppbrøyta.   Det er strødd i dei deler av vegbanen kor det er litt is.    Mykje snø,  vel meteren ved parkeringsplassen og 1,20 til 1,40 når du kjem innanfor Bassura.    Morgondagen kan bli årets flottaste dag.    Det er meldt sol frå blå himmel.   Vind på 4 til 7-8 sm 

Det er berre å ta med seg gode kler,  solkrem og ei goe nista ;-)     Føret er skarete særleg i starten.   Noko turrare i topplaget når ein kjem lenger inn i høyden.   Velkomen til etnefjedlet :-)

28.02.2022

Det har vore ein krevande dag med mykje vind.    Dette auker risikoen for snøras.    Unngå toppturar dei første dagane.  Det vil koma noko meir snø natt til imorgon.   Veret blir betydeleg betre frå morgondagen.    Vinden roar av og det blir sol og flotte forhold i løypene med nysnø på toppen av den 1-1,5 meteren med gamal snø,  topplaget er noko skavlete og delvis skare.   Håper då på 10-15 cm med nysnø slik at me kan nyta  forholda  resten av vinterferieveka :)         Ha ei Fortsatt flott veka :)      

26.02.2022

Det er kjøyrt løyper i den vanlege traseen ut til Skaret og rundt Knutsvatnet

24.02.2022

Det er ca. 1 meter med snø på parkeringsplassen og 1,20-1,25 når du kjem innforbi Bassura.     Vegen og parkeringsplassen er oppbrøyta.

19.02.2022

Flotte forhold på fjedlet idag :)    Det er nå kjørt løyper i den ordinære traseen.   Blå swix og veldig godt skiføre.     Det ligg som nevnt mykje snø slik at turar i terrenget er også heilt topp.   Veg og parkeringsplass er brøyta.   Velkomen til puddersnø og flotte naturopplevelsar :)

18.02.2022

Nå fekk me både kjøligare ver og nysnø :)    Det ligg 15-20 cm med nysnø oppo det komprimerta underlaget på 60-70 cm.   Flotte forhold, men ver på vakt for rasfaren!    Viser til vedlagte bilete frå turen opp til Bjørndalsvio.    Dette lovar bra.     Når ein kjem innforbi Grindheimstølen så er det rundt  meteren med snø.     Vegen og parkeringsplassen  er brøyta.   Ha ei God Helg :)

13.02.2022

Det har vore  både snø og regn.    Men det ser særs lovande ut,  på Skarstølen er det nå mellom 60 og 70 cm med komprimert snø.   Vegen er oppbrøyta.    Litt kjøligare nå og ei god snøbyge så får me draumeforhold :)

 

11.02.2022

Endeleg fekk me mykje snø,  veldig mykje snø :)    Inne ved Knutsvatnet ( mellom Skaret og kanten ner mot Prestabotn)  er det nærmare meteren med snø.   Det er kjørt flotte løyper i den vanlege traseen frå Skarstølen og inn til Skaret.   Blå swix og sol idag :-)

Vegen og parkeringsplassen er brøyta.    Velkomen til ein draumedag i Etnefjedlet ;-)

04.02.2022

Det ligg 25-30 cm med snø på Skarstølen,  slik at det er mogeleg å gå på ski.   Vegen er brøyta. 

God Helg :)

 

08.01.2022

Vegen er brøyta og har fint vinterføre.     Det er 20-25 cm med snø ved parkeringsplassen.  Det er kjøyrt snøscooter i hovedtraseen.  Komprimert og fint å gå på ski. Idag var det blå swix som var smurningo.  Det er meldt bruktbart ver i morgon.   Ha ei fortsatt God Helg :)

31.12.21

Godt Nytt Turår :-)

Det litla som var av snø er smelta vekk.   Mildværet har gjort at all ferdsel på is er uforsvarleg!  Ellers flotte turmuligheter til fots,  berre ver forsiktig på nedstigning i stiane då det kan ligga litt is enkelte plasser :)

25.12.21

Fortsatt God Jul til alle :)   Flott tur til Strype idag for å sjekka forholda.   Vegen har eit tynt snølag og det er godt vinterføre.   Isen på vatna byrjar å bli bra,   ca. 15-17 cm med stålis og vil styrka seg ytterlegare kommande natt.   Det ligg ein tynt lag med turr nysnø.  Draumever med sol, blikkstilt kaldt og eit flott avbrekk frå all julamaten.   Dagen i morgon har samme vermelding som idag,  men veret vidare er noko meir usikkert med vind og noko høgare temperatur.   Vatna på Strype er ikkje regulerte og difor Ok,  øvrige vatn mot Grindheimstølen, Løkjelsvatnet, Krokavanet,  Ilsvatnet, Hjørnås er regulerte og ein må IKKJE gå ut på desse!!!

Ha ei Fin Romjul :)

27.11.21

Det har snøa og det ligg ca. 15-20 cm med snø på parkeringsplassen.   Snøen er turr og luftig og det blir for lite til å gå på ski då ein også manglar frose underlag.    Det ligg ca. 20-30 cm ved Basura.     Vegen er oppbrøyta,   godt vinterføre.

God Helg :-)

24.09.21

Jaktstart i fjedlet.

Imorgon starter årets jakt på småvilt :)  Det er meldt fint ver, slik at det teiknar seg til å bli ei flott helg.   Det er observert ein del rypa på enkelte plasser og mykje hare.   Fekk melding frå 2 jegerar frå Sauda som meinte det var lite rypa på komunegrensa dvs Svandalen og området rundt. og dei trudde det var det store antal ørner som kunne vera årsaken.   Ver obs på at det også iår er baglimit på 5 småvilt pr jaktkort.  Øvrige reglar ligg under "Jakt og Fiske".    

Det er også ei fin helg for dei som vil ha seg ein trimtur utan børsa.    Flotte haustfargar og det er brukbart med tyttebær,  fjellauren er også på betet.

Vil til slutt ynskja både dei med børsa og dei utan ei God Helg :-)

 

03.09.21

August månad var også veldig bra.    Draumesommar :)    Fisket har også vore betre då det er mørkare kveld/natt og nåko redusert temperatur.  Auren er meir i bevegelse og beitar nærare land enn sommarmånaden juli.    Eg har ikkje fått melding om rekordfisk fisk for sesongen,   men eg har fått melding om ein som var akkurat lik i størrelse 1, 4 kg og fleire flotte fangstar i størrelsen 0,5 kg til 1 kg.   

Besøket har vore veldig bra,  det er tydeleg at fjedlet er eit "friområde" i desse korona-tider :)   Har fått mange spørsmål om jakta.   Har vore i kontakt med formann i Midtre Etnefjell og i Sørfjellet/Rus og begge antyder den 25.09. som opningsdato på årets rypejakt.    Endeleg avgjerd blir tatt i styremøte den 13.09.    Me vil komma med full info om jakta rett etter møte.  

Det ser ut til å vera forsinkelsar på klargjering av kamera ved Hjørnås.

Ha ei Flott helg som atter ein gong ser særs lovande ut,  lovande meldingar :-)

28.07.21

Feriemånaden går mot slutten og ein må berre gled seg øve det flotta været me har hatt:-)    Det har vore mykje besøk og me har truffet på folk som går "Gullløypa" ,  lokale toppturar/fjellvatn  Nepane, Strype, Bordfjedlet, Løkjelsvatnet, Hustveitsåta,  inn mot Svandalen osv.     Det er også mange syklistar som bruker anleggsvegane som er ypperlege til formålet.   Fiskerar har det også vore mykje av.   Dei største fangstane me har fått opplyst om er på 1,4 kg og ein på 1,1kg.  Er det nokon som har fått større fisk så er me interessert i info om det:)  Nå er august månad lika rundt hjørna og er normalt ein god fiskemånad.   Det har vore multeplukkerar og nå er dei første blåbæra også modne.   Fleire har etterlyst kamera på Hjørnås.   Det har diverre vore ute av funksjon.    Røde Kors har nå funnet årsaken til driftsstansen.    Dei forventer å få det opp i nær framtid. 

Vil til slutt ynskja alle ein fortsatt God Sommar og Flott Augustmånad :)

23.06.21

Midtsommar og nydeleg sommarver :)    Det går mot slutten på det flotte arrangementet "Camp Hjørnås" som starta på måndag,  kor barn og unge frå distriktet får oppleva alt det flotte som naturen har å by på.   Aktivitetar som fiske,  padling,  trening på førstehjelp,  klatring og mykje anna som gjer til at barn og ungdom lærer seg å bli glad i naturen og ser muligheten til å finna roen og avkoblinga som dette gjer på både kropp og sjel.   Komiteen har gjort ein framifrå god jobb,  sjølv om Campen er noko redusert då overnatting er teken ut som følge av Koronaen.   Ser fram til neste år og kor ein  håpar at Koronaen er under kontroll og at overnatting kan gjennomførast.   Ein stor takk til Komiteen,  medhjelperar og ikkje minst alle barn og unge,    Velkomen tilbake i 2022 :-)   

Vil samstundes ynskja alle Ein God Midtsommaraften og fortsatt God Sommar :-)

28.05.21

Brått kom sommaren :)   Ei vermelding som dokumenterar at sommeren er komen.     Nå starter insektslivet og dermed endå betre høve til å få fisk.     Toppturar til fots er nå ingen problem.   Heila fjedlet har åpna seg og er klar til å ta imot fjellvandrarar.    Velkomen til Etnefjedlet og Nyt Helga :-)

21.05.21

Me går inn i ei ny langhelg.   Temperaturen har gått noko ned, men det er meldt flott ver både idag og i morgon og bra på sundag også kun lette byger på ettermiddagen.   Kanskje nåko meir regn på måndag men det kan fort endra seg ;-)      Fleire vatn er åpne for fiske og det er teke fin aura på land,  dei største på 5 hekto.   God  Pinsehelg :-)

13.05.21

Våren er her.   Med høgare temperatur så er isen på fjellvatna på vikande front.    Fleire av vatna har opna seg slik at nå er det mogeleg å fiska etter den flotte fjellauren me har i etnefjellet :)    Det er lagt ut fiskekort for sjølvbetjening på parkeringsplassen (på informasjonstavla).   Det blir også solgt fiskekort på Sport1 i Etne Senter.   Prisar står på "Jakt og Fiske" sidene.     Fleire har teke  langhelg og det er meldt bra ver i starten på helga.  Nå er det store deler av terrenget ope for turar til fots,   snø kun øve 700-800 m.     Våren er nåko av det finaste ein kan oppleva i fjedlet,  brytninga mellom vinter og sommar.     Velkommen til fjells og ha ei God Langhelg :-)

07.05.21

Våren er på veg,  men kjøligt ver med kuldegrader på nettane og  nordatrekk  gjer at det går sakte.    Det er meldt veldig fint ver for morgondagen med sol og stort sett stilt (meldt vind på 1 til 3 sm).    Sundagen ser noko meir krevande ut med kraftig vind og regn.    Fjellvatna byrjar sakte å opna seg og det vil nok auka på  i neste veka då det er meldt 2 siffer i temperaturen på dagtid.    

Vil Ynskja alle ei God Helg :-)

30.04.21

Ny helg står for tur.    Det minkar på snøen og det åpnar for turar til fots.     Det er ei flott tid nå med fleire alternativ.   Ein kan gå til fots både både på anleggsvegen og i terrenget opp til ca. 600-750 moh.     Ingen problem å gå til Strype,  Heitahålo, Krokavatnet, Grindheimstølen og Løkjelsvatnet,  og ikkje minst opp til Nepane :)    Enkelte plasser må ein gå øve snøfener,  snøen er komprimert.   Samstundes åpnar enkelte vatn seg sjølv om det går seint pga frost om nettene.    Og dei som likar vårskiturar har flotte muligheter på dei same toppane som nemnt tidlegare.    Kan sterkt anbefale skitur til Sauda (Svandalen),  eit flottt alternativ :)        Ha ei God Helg og lad "batteria" i vilt og  flott fjellterreng :-)

 

22.04.21

Etter ei flott skihelg den 16-18. april,  har me hatt snøsmelting,  snøbyger og mykje vind denne veka.   Bjørnar har idag vore på Lysenut og kan gi følgande tilbakemelding.   Du kan ta på deg skia på parkeringen,  men du må allerede ta av deg skia når du nærmar deg trebrua før Hjørnås.  Og lite snø i bakkjen opp mot Røde Kors hytta.    Men som tidlegare så ligg det bra med snø i hovedtraseen frå Røde Kors Hytta og utover.   Den første plassen du må ta av deg skia er i bakken før Bassurbrua og sjølve brua.  Så kunne ein gå samanhengande utover kor ein måtte gå i kanten av Mørkavatnet då anleggsvegen ved Bergstølen var uten snø.      Litt sikk-sakk oppøve mot Heitahålo og Ok opp mot Lysenut. 

Men som ein ser så blir det noko av og på med skia og det minkar for kvar dag.

For dei som ønskjer å gå på ski så er nok dei beste forslaga nå å bera skia inn til Grindheimstølen og gå opp til enten Bordfjedlet eller opp til BjørndalsVio.    Både i stigningen og på toppane er det bra med snø.

 

16.04.21

Vegen er bar,  godt oppbrøyta på parkeringsplassen.   Snøen held seg framleis.   Du kan ta på deg skia ved parkeringsplassen og gå samanhengande inn til Heitahålo.  Hjørnåsdammen er stort sett fri for snø, men ein kan gå opp med Røde kors hytta.   Også inn til Grindheimstølen er det  brukbart.    Det ser ut til å bli ei strålande helg :)    Men det er klart at nå merkes det at sola har fleire døgntimar i tillegg til at temperaturen er stigande.  Det blir nok siste helga med skimuligheter frå parkeringsplassen.   Toppane har veldig bra med snø slik at det er flotte muligheter til å få seg ein "Vårskitur" i strålande sol.   Husk solbriller og solkrem :)

Velkomen til Etnefjedlet og God Helg :-)

14.04.21

Me nevnte på at forrige helg kunne bli den "siste" skihelga.    Men som dåken ser av bileta og kamera så ser det faktisk veldig lovande ut for komande helg.    Kalde netter og litt sol på dagen gjer til at snøen held seg.   Det er meldt denne vertypen fram til helga og så skal temperaturane stiga i sjølve helga :)   Slik at komande helg kan bli veldig bra med både bra med snø, sol, vindstilt :-)   Det var flotte forhold for dei som var oppe nå med helga;  flott skiføre kor det var folk både på Lysenuten, Fagerlinuten,  BjørndalsVio,  Kvaneuten og Bordfjedlet.   Og turen heim frå nutane var ei "oppleving for livet"  Mykje nysnø kor det mesta var komprimert og med eit topplag med laus nysnø på 5-10 cm :)   Kjem med meir info nærare helga.

08.04.21

Det har snøa og snøa.   Det har kommet 30-40 cm med nysnø.   Snøen er komprimert og med den vermeldinga for helga så vil heilt sikkert snøen bli liggande.     Vil du ha deg ein siste tur på ski for sesongen så ser det lovande ut for kommande helg :)       Vegen og parkeringsplassen  blir brøyta i morgon tidleg.    God Helg :)  

01.04.21

Toppane har snø.   Dei nærmaste toppane er Bordfjedlet og Vio.    Ein må bera skia inn til Grindheimstølen og går opp Litlavio for å komma til Vio.  For å komma til Bordfjedlet går ein opp Skåro/Skaret og  bra med snø inn mot Svanndalen.     Ver OBS på Skaren etter kalde netter.

Ellers er det turmuligheter til fots.    Kort veg opp til Hjørnås, Strypeheiane og ved å gå i kanten av snøen utøve mot Bassura/Bergstølen får ein gode muligheter til å finna  rasteplasser eller ei snøfon til å sola seg i.    Gode muligheter til både Grindheimstølen og inn til Løkjelsvatnet.  Det er meldt flott ver dei første dagane med so,l og det treng me ;-)      

Velkommen til Etnefjedlet og  God Påske :-)

31.03.21

Det blei diverre veldig mildt og mykje regn.   Det har minka veldig på snøen.   Ein kan bruka traseen frå Røde Kors hytta,  men det blir veldig mykje med av og på med ski.   Håpet kan vera turar på toppane,   me kjem med meir info om det når me har fått sjekka betre.

28.03.21

Var oppe ein tur igår.   Det var kommet litt nysnø frå natta før,  slik at ein kunne gå på ski frå parkeringsplassen og innøve på hovedtraseèen retning Heitahålo.  Men nysnøen som kom på dei områda som stort sett var fri for snø før dette siste snøfallet,  som Hjørnåsdammen, Trebrua og bakken opp til Røde kors hytta og rundt Røde kors hytta forsvant på ettermiddag/kveld.  Det er lite og ingen snø inn mot Grindheimstølen, det ligg ein del snø i bakken (Stuttorvbakkjen) opp mot Grindheimsdammen men ellers lite.    Me får avgjerande dagar nå før starten på sjølve påsken.  Det er diverre dårlege prognosar på veret.  Idag regnar det og det er nok kun hovedtrasêen frå Røde Kors Hytta og innøve som "tåler litt juling".   Det me fryktar mest er dei store nedbørsmengdene som er meldt for måndag og tysdag og ein temperatur på 4 til 6 grader.   Me får håpe at særleg temperaturen blir ein del lågare enn meldt.    Men usansett så er det store snømengder på toppane som Bordfjedlet og Vio og dei vil nok tåle det meldte veret.  Slik at ein skitur frå Nordfjedlet (Løkjels)  til Svandalen kan vera ein flott alternativ når Påskeveret med sol kjem som meldt på onsdagen :-)     Me vil Ønskja ei fortsatt God Palmehelg :-)        Me vil komma med oppdateringar når me ser det faktiske utslaget av veret  på måndag og tysdag.

19.03.21

Det er framleis bra med snø.   Det har vore perfekt ver med kalde netter og stort sett vindstilt og litt sol på dagane.  Føret har vore skare på formiddagane og "oppmjukning" på ettermiddagen.     Det er meldt noko meir nedbør i komande veka.  Håpet er at temperaturen ikkje blir for høg då det også er meldt noko vind.  Vegen er stort sett bar asfalt.

God Helg :-)

15.03.21

Har fått spørsmål om vegen er strødd;   ja vegen er strødd idag.:)

 

14.03.21

I dag har det snøa bra.  Grense snø/regn har gått litt høgare idag ca. parkeringsplassen.   Snøen har komprimert seg slik at snømengda er 20-25 cm på parkeringplassen.    Ved Røde Kors Hytta er det ca. 30 cm og når ein kjem til Bassura så passerer ein 40 cm jfr bilete. Her snakker me om nysnø,  slik at snøen som låg i traseen ifrå før kjem i tillegg.   Det er meldt kjøligare ver og det er håp om at me kan ha snø til påske, me kryssar fingrar og tær ;-)

12.03.21

Det snør i fjedlet.    På parkeringsplassen er nå 25 cm med snø, delvis kram snø og det snør framleis.   Nå i kveld går snøgrensa ca. ved Nepaberg (rett nedanfor den øversta fe-rista).       Vegen er oppbrøtt.   Det er nokolunde bart fram til sving nr. 2 og så kjem det litt snø og det aukar då på oppøve,  med ei tydeleg grensa ved Nepaberg.    Det er meldt opphald og litt solgløtt i morgon og endå meir snø på sundag.   For så å gå øve til ein kjøligare vertype med sol.  Det er kun 2 veker til palmehelga.   Og mulighetene til å ha snø til påske dukkar opp lika brått som snøsmeltinga midt i februar;-)   Det blir spennande 14 dagar.

God Helg :)

07.03.21

Det var litt is i vegen frå brua og opp til parkeringa.  Det er nå strødd,  ellers er vegen tørr asfalt.

05.03.21

Hovedtraseen frå Røde Kors er framleis inntakt.   Minker litt i sidene men kalde netter gjer til at ein framleis kan gå på ski.  Det er meldt noko snø i kveld og i morgon  og onsdag/torsdag i neste veke.   Men uansett,  våren er i anmarsj.   Slik at det kan bli tidleg start på fiske i år :)  

God Helg :)   

01.03.21

Me fekk ein fin dag igår med sol og vindstilt.  Prøvde skia.   Sjølv om det har minka ein del så gjekk det bra å gå frå Røde Kors hytta og ut til Bergstølen.    Tok av skia på 3 plasser.   Frå Bergstølen er det heilt bart også i terrenget opp mot Heitahålo.    Det som ser lovande ut er Vio og Bordfjedlet og då må ein over 700 meter.

26.02.21

Plussgrader og regn har teke mykje snø.    Det er ein del snø i traseen frå Røde Kors Hytta,  men nå blir det for mykje av og på med ski.   Det er utfatteleg kor fort det har gått.   Det er meldt minusgrader enkelte døger på langstidsvarselet,  men det har minka for mykje på snøen i tillegg er det ikkje meldt ny nedbør.    Men uansett finn på alternativ aktivitet og ha ei God Helg :-)

22.02.21

Det blei diverre ei brutal smelting av snø i helga :(   Men ein kan framleis ta på seg skia ved parkeringsplassen. Det er bra med snø i sjølve traseen fram til Bergstølen.   Den første plassen med snømangel er  Hjørnåsdammen, deler av området i front av Røde kors hytta,  anleggsvegbanen ved Bergstølen.   Minkar rett før brua ved Bassura.  Langstidsvarselet er diverre lite lovande.   Me får håpa på eit omslag til kjøligare ver i høgfjedlet :) 

19.02.21

Vegen og parkeringsplassen er brøyta.   Me har fått verskifte med stigande temperatur og framleis noko sterk vind.   Det er bra med snø i løypetraseen frå Skarstølen og innøve mot Heitahålo.    Det er særleg vinden som har skapt endringar i landskapet og det er laussnøen i terrenget som har blese  inn i bl.a. løypetraseen.    Dette har skapt skavlar både i trasseen og i terrenget.   Det er stor rasfare pga dette og ein bør difor unngå toppturar og turar generelt i bratt terreng.    Når det gjeld løypetraseen så er det noko avblese på Hjørnås-dammen og ved Bergstølen, ellers bra med snø.      Det er meldt endå høgare temperaturar i morgon,  nedbør og ein del vind og noko betre på sundag.   Me får kryssa fingrane i håp om at me får beholda snøen.     Det er kjørt scooter i deler av traseen.    Det vil nok ikkje bli kjøyrt skiløyper pga sterk vind og nedbør.        God Helg :)  

12.02.21

Det nærmer seg ny helg.   Ingen nedbør denna veko.    Vegen og parkeringsplassen er bra,   godt vinterføre.   Det har vore ein kald vind særleg frå sundag forrige helg og utøve i veko.   Iflg vermeldingo så roar det seg i dag og det er også lova ein fin dag i måro,  varierar frå 2 til 5 sm som er innanfor.   Noko meir vind igjen på sundagen,  men det kan endra seg ;-)   Løypene blir trimma.    

Det er meldt sol heila helgo :)       Husk ha godt med klær, solkrem og vis respekt for mulig rasfare i bratt terreng.

Velkomen til Etnefjellet og ha ei God Helg :-)

05.02.21

Vegen er også strødd.  Det er meldt samme vertype framøve,  opphald/sol og kaldt.   Det er også meldt ein del vind på toppane,  særleg idag og i morgon,  noko betre på sundag.     Ver førebudd på vinden og ha godt med klær.     Vis også respekt for mulig rasfare i bratt terreng.

Ha ei God Helg :-)

04.02.21

Det blei kjørt skiløyper frå Skarstølen og ut til Heitahålo i går kveld,  "trikkeskinner" :-)      Løypene vil bli "trimma"  kommande helg.

Veg og parkeringsplass er oppbrøyta,  godt vinterføre.

30.01.21

Har fått spørsmål om det er kjørt scooterløype ut til Løkjelsvatnhytta.   Har i kveld fått følgande melding frå Røde Kors at det blei kjørt scooterløype til Løkjelsvatnhytta på mandag og det blei sett opp ein del av løypestikkene.   Dei blei ikkje ferdig med å sette alle løypestikkene og dermed blir det ny tur i løpet av kommande veka.     Men som nevnt det er komprimerte scooterløyper i den vanlege traseèn som går opp ved Grindheimstølen og innøve Nordfjedlet og heilt fram til Løkjelsvatnhytta.   Idag er det kjørt scooterløyper i traseèn ut mot Strype og kor det samstundes er gjort sikringstiltak.

Fin dag på fjedlet sjølv om sola uteblei.   Kom meir folk enn me hadde rekna med slik at me har utvida det oppbrøyta området på den store parkeringsplassen.    I tillegg er det kjøyrt løyper i den vanlege trasèn ut mot Heitahålo.     Røde Kors er også oppe med scooterane sine og kjøyrer sine faste turar rundt i området.   Slik at det er gode muligheter til  å nyta det flotta som fjedlet har å by på :-)   

Velkomen til fjells :-)

29.01.21

Veg og parkeringsplass er oppbrøyta.  Det er også strødd.    Mykje snø og flotte forhold i Etnefjedlet :-)    

God Helg :-)

23.01.21

Først fekk me mildvær med regn som strekte seg opp til Hjørnås.  Så snudde det seg til snøvær.   Løypetraseen har greit seg veldig bra,  kun Hjørnåsdammen som fekk litt "juling" men det har fyllt seg opp igjen med mykje nysnø.    Vegen har vore krevande under dette veret.  Vegen vil nå kl. 14.00 bli brøyta for snø for så etterpå bli strødd då det ligg is under deler av nysnøen.     Slik at vegen og parkeringsplassen blir bra frå ca. kl. 16-17.00   Og det er meldt flott vinterver framøve :-)  

16.01.21

Vegen er oppbrøyta.    Det er idag kjøyrt opp skiløyper med løypemaskin frå parkeringsplassen og ut til Heitahålo,  den vanlege trasèn.   Som ein ser av bilete så er det topp forhold :-)  God Helg :-)

12.01.21

Vedkomande brøyting/strøing.

Det har skapt litt usikkerhet vedkomande brøyting/strøing.   Me kan meddele at veg og parkeringsplass vil bli halden åpen gjennom heile vinteren som tidlegare.     Brøytemannskapet har gjort flott jobb og veg og parkering er oppbrøyta,  sist idag tidleg.   Me har fått store snømengder dei siste dagane  slik at nå er også terrenget godt dekka med snø.    Dette lover bra for ein lang og flott skisesong!     Velkomen til Fjells :-)

10.01.21  kl. 12.15

Vegen er brøyta !

08.01.21

Kaldt og flott ver har dominert dei siste dagane.   Det har vore besøkande på fjellet kvar deg  denna veka for å prøva skia, og forrige helg var det veldig mange oppe for å nyta det flotta vinterveret.   Ein kan ta på seg skia ved bommen på parkeringsplassen og det er bra mengder med snø frå Hjørnås og utøve.   Fleire har vore på toppturar som på Lysenut,  Høylandsnut,  Bordfjedlet, Bjønndalsvio.    Som me har nevnt tidlegare  så er det litt i minsta laget med snø i terrenget der kor det er stein.    Men som yr nå melder så kjem det  snø frå kl. 17.00 i morgon og fram til ca.  midnatt.   Og på sundagen kjem det ny runde med snø frå ca. middag og utøve.   Ver obs at det er meldt ein del vind under snøbygene både laurdag og sundag.   Ha ei God Helg :-)

 

01.01.21

Årets første skitur til Lysenut i nydeleg vinterver.   Som ein ser av bileta så er det bra med snø heilt fram til Lysenut.  

Vegen og parkeringsplassen er oppbrøyta.  I tillegg er vegen strødd.

Velkomen til fjells :-)

2020     

Nyheter:

31.12.2020

Godt Nytt Turår :-)

30.12.2020

Det er nå ca. 10-15 cm med snø på parkeringsplassen,  15-20 cm innanfor Røde kors hytta og ved Bassura er det nå 20-25 cm med snø.   Snøen er komprimert særleg frå Røde Kors og utøve,  slik at det er flott skiføre i anleggsvegen utøve mot Bergstølen.   Deler av terrenget går også greit,  men her treng me noko meir snø,  særleg der kor det ligg stein.    Vegen er brøyta og strødd :)  

26.12.2020

Har vedlagt 2 bilete som syner snøforholda i fjellet.   Det er ca. 5 cm ved parkeringsplassen og 10 cm ved Bassura.   Det snøa når me for på heimveg.   Grensa mellom regn og snø låg ca. på parkeringsplassen.

23.12.2020

Vil med dette ynskje alle fjell og friluftsinteresserte ei God og Fredfull Jul :-)

09.12.2020

Velkomen til ny Nettside for etnefjellet,  den gamle gjekk ut då den bygde på "flash-teknologien"    Endeleg kan me lansere denne og takker for alle henvendelsar kor sida er blitt etterlyst/savna :)   Me vil som tidlegare prøva å gi fersk info om snø, løypekjøring, fiskekort, jakt, turforslag  osv.    Me har hatt ein veldig flott auke i bruken av etnefjellet  dette året sjølv med ein dårleg vinter då snøen ikkje kom før heilt i slutten av vinteren.   Fleire og fleire i frå eit stadig større distrikt har merka seg dette flotte og spennande fjellet.    Etnefjellet har eit variert og spennande fjellområde for unge og gamle, trente og utrente :)   Kor ein har "Villt og Vakkert" som bl.a. Nepane representerar til bl.a. Strype som representerer det idylliske og lett tilgjengelige.

Det som er hovedfokus akkurat nå er planane til Statnett som vil legga den nye kraftlinja gjennom etnefjella.  Det vil bli nytta master på 30-35 meter og dette vil vera svært skadeleg for dette viktige landskaps- og friluftsområdet for Haugalandet.     Både Nepane (Etne sitt svar på Trolltunga) og Strypeheiane blir berørte.    Utsikten frå Nepane vil nå få desse monstermastene i syninga når den stig opp frå Litledalen og følger fjellryggen med retning Strype,  jfr bilete og dronevidoen frå Strype   Strype vil få mastene over heile fjellryggen langs heia,  tett opp mot ein av dei beste fiskeplassane for fjellaure på Haugalandet.      I tillegg har Statnett planar om å laga veg frå Rødekors hytte og ut til Strype i samband med bygging av mastene.  Dei skriv at det skal nyttast terrengkjøyrande kjøretøy og gjera minst mulig inngrep.    Men ein kan jo tenka sjølv kva dette vil bli i virkeligheta når det skal fraktast store konstruksjonar ut til punktene kor monstermastene skal byggast. 

Det er tragisk at ein ikkje har konsekvensutreda desse planane skikkeleg.  Me som driv parkeringsplass i Etnefjellet, salg fiskekort-jaktkort har ikkje høyrt noko frå Statnett.   Har fått opplysningar om at Statnett har leigd inn eit konsulentselskap for å konsekvensutreda følgene for etnefjellet.    Konklusjonen var bl.a. at området etnefjellet har middel til liten verdi som landskap og friluftsområde!!!    Dei 2 mest besøkte og brukte fjellområda på Haugalandet er Skarstølen/Etnefjellet og Olalia. Den mest besøkte Turistforeningshytta til Haugesund Turistforening er hytta som ligg ved Løkjelsvatnet  i tillegg til hytta på Olalia. I tillegg har me fått vita at konklusjonen i konsekvensutredningen er teken utan å ta turen til fjellområde for synfaring,   og som nevnt me som driverar av parkeringsplass, salg av fiskekort, salg av jaktkort siden 1992 ikkje er kontakta, heller ikkje brukerar av fjellet.   Viss dette er standarden for konsekvendsutredning hjå Statnett er det grunn til å bli skremd.  Og når me då opplever kordan konsekvensutredninga blir gjennomført her lokalt i etnefjellet med ein konklusjon som er stikk motsatt av dei faktiske forhold så er det naturleg å stilla spørsmål kordan tidlegare utredningar er gjennomført.

Etnefjellet har følgande:

- er høgfjell med eit stort utval av turalternativ både toppturar,  turar i flatt terreng

- ligg midt i gull-ruta til turistforeningen som går frå Olalia til Seljestad.  Landskjent turalternativ. Ligg inne på DNT sine sider.

- hytta ti Haugesund Turistforeningen på Løkjelsvatnet er den av hyttene som har størst besøk i tillegg til den på Olalia

- det området med flest og beste muligheter for fiske etter fjell-auren på Haugalandet, største fjellauren teken på stang over 5 kg

- etnefjellet inkl. Rus  har også dei beste områda for jakt etter småvilt på Haugalandet

- fjellområdet er nytta til årlege store arrangment for barn og ungdom slik som Camp Hjørnås med deltakartal på 120-170 stk. frå Hauglandet

-  Etne Jeger og fiskeforening har årlege arrangment som fiskedagar med barn og unge kor det blir gitt opplæring i fiske og anna friluftsliv  med instruktørar 

- Røde Kors har vakt og beredskapshytte 400 m frå Parkeringsplassen ved Hjørnås (og ca. 600 meter frå Strype)

-  har Hauglandets mest stabile snøforhold pga høgde over havet.

Difor er Etnefjellet det mest besøkte fjellområdet på Hauglandet i tillegg til Olalia

Slik at konsekvensutredninga til Statnett med konklusjonen  "Området har middels til liten verdi som landskaps- og friluftsområdet" står til stryk.

 

2019